Taqi al-Din

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Taqi Al Din)
Taqi al-Din
تقي الدين محمد بن معروف الشامي السعدي

Scene frå verkstaden til Taqi al-Din. Måleri frå det episke diktet Sjahinsjahnama ('Soga om storkongen'), som Ala ad-Din Mansur-Shirazi skreiv for å hylla sultan Murad III.
Fødd14. juni 1526
Damaskus
Død1580-åra
Istanbul
NasjonalitetSyria, Det osmanske riket
Områdeastronomi
Yrkematematikar, astronom, oppfinnar, farmasøyt, astrolog, ingeniør

Taqi al-Din (15261585) vert rekna som ein an dei store muslimske vitskapsmennene frå mellomalderen.

Ein er ikkje sikker på om Taqi al-Din vart fødd i Damaskus eller i Kairo. Han studerte teologi og skreiv fleire bøker om Islam. I 1571 flytta han til Istanbul, der han vart offisiell astronom for sultan Selim II. Då Selim II døydde overtala han den nye sultanen, Murad III, til å bygga eit nytt observatorium i Istanbul. Det vart opna i 1577. Han var ihuga på å kunkurera med andre europeiske observatorium, spesilt eit dansk, der Tycho Brahe var direktør.

Då al-Din oppdaga ein komet, tok han det som eit teikn på at den ottomanske hæren ville vinna framtidige sigrar. Då dette viste seg å ikkje slå til vart sultanene rasande og i 1580 øydela han observatoriet.

Al-Din forska på mange fagfelt og ei av bøkene hans, الطرق السامية في الآلات الروحانية ('Sublime metodar spirituelle maskinar'), vart ei viktig bok innan muslimsk mekanisk tradisjon. I denne boka beskreiv han ei primitiv dampturbin.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]