Tarakløfta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tarakløfta

Tarakløfta (serbisk Kanjon Tare) er den lengste kløfta eller ravinen i Montenegro og heile Europa og den nest lengste i verda etter Gran Canyon i Arizona. Ho er 82 km lang og 1 300 meter på det djupaste. Kløfta er innskriven på UNESCO si verdsarvliste og er ein del av Durmitor nasjonalpark. Elva Tara renn gjennom kløfta.

Det er steinete terrassar, sandstrender, høge klipper og meir enn 80 store grotter langs kløfta.

Det er populært å rafte nedover Tara gjennom Tarakløfta, hovudsakleg frå Brstnovica til Sćepan Polje, ei 18 km lang rute som tar 2-3 timar. Dette er òg den brattaste delen av elva og 21 av 50 stryk i elva ligg langs dette stykket.

Bosniske og montenegrinske styresmakter hadde planar om å byggje ei demning i elva Drina, som Tara munnar ut i, og slik fylle kløfta med vatn. Desse planane vart derimot skrinlagd i april 2005 etter massive protestar. I september 2006 vart det derimot signert ein avtale mellom det slovenske selskapet Petrol og det montenegrinske selskapet Montenegro-bonus om å byggje eit vasskraftverk som vil øydeleggje kløfta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]