Taramakau-elva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Taramakau-elva
Taramakau River
elv
Kabelferje over Taramakau River ca. 1890.
Land  New Zealand
Lengd 75 km
Munning 15 km sør for Greymouth i Tasmanhavet
Kart
Taramakau River
42°42′8″ S 171°14′31″ E
Wikimedia Commons: Taramakau River
Elvedalen til Taramaku River.

Taramakau-elva er ei elv nordvest på SørøyaNew Zealand i distriktet Westland. Ho har utspringet i Dampier and Crawford Ranges[1] i Søralpane, 80 kilometer aust for Hokitika, like under Harper's Pass. Elva renn 75 km i vestleg retning og munnar ut i Tasmanhavet, 15 km sør for Greymouth.

Elva har fleire mindre sideelver, den einaste av betydning av desse er Otiraelva, og elvedalen til denne dannar den vestlege tilgangen til Arthur's Pass.

I elva finst dei inførte fiskeslaga bekkeaure og regnbogeaure og laks.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Taramakau River ved nzfishing.com, vitja 9. desember 2012., arkivert frå originalen 17. november 2011, henta 9. desember 2012