Tararua District

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tararua District
Tararuas from Pori Rd., Wairarapa, New Zealand, August 2008 (2783466324).jpg
Tararuafjella sett frå Pori Road nær Tiraumea
Land Flag of New Zealand.svg New Zealand
Region Manawatū-Whanganui

Tararua District
40°26′53″ S 176°1′23″ E

Tararua District ligg nær det søraustlege hjørnet på NordøyaNew Zealand. Distriktet vart danna i 1989 og gjeve namn etter fjellrekkja Tararua Range, som utgjer mykje av distriktet si grense mot vest. Folketalet er 17 750 (estimat frå juni 2008)[1] og flatevidda 4 360,56 km².

Den nordvestlege grensa til distriktet går langs toppane til fjellrekkja Ruahine Range, den søraustlege er Stillehavet. Nedslagsområdet til Manawatu-elva avgrensar i store trekk utbreiinga mot nord og sør. Dette nedslagsområdet er også grunnen til at storparten av distriktet ligg i regionen Manawatū-Whanganui, sjølv om mange av innbyggjarane i distriktet tradisjonelt har rekna seg å høyra til anten Hawke's Bay (mot nord) eller Wairarapa (i sør).

Byar og regionstyre[endre | endre wikiteksten]

Den største byen i distriktet er Dannevirke som vart oppretta av immigrantar frå Danmark i 1872. Han er òg administrasjonssenteret i distriktet. Andre busetnader (frå sør til nord langsetter dei viktigaste dalføra) er Eketahuna og Pahiatua, som har sine eigne lokalstyre, og Woodville, Ormondville og Norsewood. Nær kysten ligg Pongaroa, Herbertville, Akitio og Alfredton.

Medan den største delen (98,42 % av landarealet) i Tararua District er ein del av regionen Manawatū-Whanganui, høyrer til ein liten trekant ruralt område (1,58 % av landarealet) nord for Owahanga River søraust i distriktet Regionen Wellington. Ved folketeljinga i 2006 budde det berre tre menneske i dette området, kjent som Mara. Det var ein nedgang frå 12 ved folketeljingane i 1996 og 2001.

«Forty-Mile Bush»[endre | endre wikiteksten]

europearane busette seg i dette området, var det nesten fullstendig skogkledd og vart kalla «Forty-Mile Bush». Tilflytting og rydding av skog gjorde det til eit blømande jordbruksdistrikt, sjølv om områda nær Stillehavskysten enno er spreidd busette.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Jordbruk er hovudnæringsvegen i distriktet. Andre verksemder er tekstilindustri, matfabrikasjon og handel. Det er venta at kommersielt skogbruk vert meir økonomisk viktig for distriktet i framtida.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Estimat 30. juni 2008 Frå Statistics New Zealand

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]