Tariffavtale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Tariffavtale er ei kollektiv avtale mellom arbeidstakarar og arbeidsgjevarar om løns- og arbeidsvilkår. Tariffavtaler skil seg soleis frå individuelle avtaler om løna og arbeidsvilkåra mellom ein einskild arbeidstakar og ein einskild arbeidsgjevar ved at dei er bindande for ei heil gruppe av arbeidstakarar og ein arbeidsgjevar, eller ei heil gruppe av arbeidstakarar på den eine sida og ei heil gruppe av arbeisdsgjevarar på den andre sida. Slike avtaler skal etter lovgjevinga alltid vere skriftlege.

I praksis vert tariffavtaler inngått mellom ein arbeidstakarorganisasjon på den eine sida og ein arbeidsgjevarorganisasjon på den andre sida, og vert då bindande for alle medlemane i desse organisasjonane.

Tariffavtaler vert til vanleg gjort gjeldande for ei fastsett tid, slik at partane må tinge om fornying og endringar, eller ei heilt ny avtale, når tida er ute.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.