Tarim i Jemen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 16°03′N 49°0′E
Tarim
landsby
Minaret Al Muhdhar Mosque Tarim Yemen.jpg
Minareten i Al Muhdhar-moskeen i Tarim er 53 meter høg og ein av dei høgaste byggverka i verda laga av jordmateriale.
Land Flag of Yemen.svg Jemen
Guvernement Hadhramaut
Koordinatar 16°03′N 49°0′E
Folketal 58 523
Tidssone Sørarabisk standardtid (UTC+3)
Yemen location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Tarim, Yemen

Tarim (arabisk تريم, Tarīm) er ein historisk by i Hadhramautdalen sør i Jemen i Sør-Arabia. Tarim er rekna som det teologiske, juridiske og akademiske senteret i Hadhramautdalen. Det er eit viktig fokus for islamsk lære og skal ha den høgaste konsentrasjonen av etterkomarar etter den islamske profeten Muhammed (sayyid) i heile verda.[1] Byen har utmerkt seg med å fø mange islamske lærte, som Imam al-Haddad. I tillegg er Tarim heimstaden til Dar al-Mustafa, ein kjend utdanningsinstitutt for tradisjonelle islamske vitskapar.

Geografi og klima[endre | endre wikiteksten]

Hadhramautdalen er ein stor region sør i Jemen som strekkjer seg over 90 000 kvadratkilometer. Det består av ei smal, tørr kystslette som grensa til ein bratt skrent opp til eit vidt platå, og med djupe, wadiar her og der. Sjølv om sørkanten av Hadhramaut grensar til Arabiahavet, ligg Tarim kring 176 kilometer inn i landet frå kysten og 35 km nordaust for Seiyun. Karakteristisk for regionen er steinete platå med høgder opp til kring 900 meter over havet, skilde av mange dalar.

Den nærmaste flyplassen til Tarim ligg kring 30 km unna, i byen Seiyun. Dei einaste internasjonale rutene går til og frå Jidda i Saudi-Arabia og Dubai og Abu Dhabi i Dei sameinte arabiske emirata. Det går òg ruter til hovudstaden Sana’a.[2]

Hadhramaut er generelt varmt og tørt. Den årlege middeltempeeraturen er kring 27 °C, men om sommaren kan temperaturen gå over 40 °C. OM vinteren fell middeltemperaturen ned mot 21 °C. Årsnormalnedbøren er 73 millimeter. Eit par gonger i året kan Hadhramaut få kraftige regnbyger, ofte med medførande flaum.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Førislamsk historie[endre | endre wikiteksten]

Ein oldtidsskulptur av ein griff frå kongepalasset i Shabwa, hovudstaden i Hadhramaut.

Wadi Hadhramaut og sidedalane har vore busett sidan steinalderen.

Tidleg islamsk tid[endre | endre wikiteksten]

Arabiske historikarar er samde om at Tarim vart grunnlagd på 600-talet. Innbyggjarane i området konverterte til islam tidleg etter islam vart skapt, då ein delegasjon frå Hadhramaut møtte profeten Muhammed i Medina i år 631. Tarim vert ofte omtalt som Al-Siddiqi-byen, til ære for Abu-Bakr al-Siddiq, den første sunnimuslimske kalifen (regjerte 632–634). Abu Bakr bad til Allah om å auke talet på lærde og vassmengdene i Tarim, sidan innbyggjarane stod ved han under Riddakrigane etter Muhammed døydde (632-633). Det oppstod eit slag ved Al-Nujir-festninga, der mange av følgjesveinane til profeten (sahaba) vart skadde og tekne til Tarim. Somme av dei leid martyrdød og vart gravlagde i Tarim.[3]

I 951 kom imam Aḥmad bin `Isā Al-Muhājir frå Irak med mange følgjarar og grunnla Shafi`i-retninga for sjaria i sunniislam,[4] som framleis er den dominerande trusretninga i regionen. Ein rabat, eller universitet, vart først grunnlagd i Zabid i Tihama, og seinare i Tarim. Sistnemnte er framleis i bruk.

Britane og Qu’aiti-dynastiet: 1882–1967[endre | endre wikiteksten]

Eit Qu'aiti-frimerke frå 1942 som syner sultan Saleh og byporten i Ash Shihr.

I 1809 var det ein katastrofe i Hadhramaut etter ein wahhabi-invasjon. Verdifulle bøker og dokument frå Robat i Tarim vart øydelagde i brann eller kasta i brunnar. Wahhabi-okkupasjonen var kortvarig, men øydela økonomien i området. Som følgje av dette auka utflyttinga og mange drog til Hyderabad (India), der nizamen hyrte ein stor hær. Her steig ein jemenittisk soldat, Umar bin Awadh al Qu’aiti, i gradene til jemadar og hadde mykje hell med seg. Umar fekk nok makt til å danne Quaiti-dynastiet seint på 1800-talet. Han sikra seg alt verdifult land utanom områda kring Saiyun og Tarim, og signerte ein avtale med britane i 1888, og skapte eit samla sultanat i 1902 som vart ein del av protektoratet Aden.

Trass i at det var oppretta ein avansert administrasjon for regionen, møtte sultan Saleh bin Ghalib (regjerte 1936–1956) i 1930-åra hard motstand mot modernisering. Jemenittiske emigrantar vendte attende til området for å bruke noko av rikdommen dei hadde skaffa seg til å betre levevilkåra i heimlandet. Leia av Sayyid Abu Bakr al-Kaf bin Sheikh bygde dei ein bilveg frå Tarim til Shihr – og håpte å nytte denne til importere varer inn i Hadhramaut. Dei fekk hard motstand av kameleigande stammer som hadde transportmonopol mellom kysten og innlandet.[5]

I februar 1937 vart det fred mellom Qu’aiti og Kathiri sultanata, noko som var uvanleg i historia til regionen. Avtalen kom til som følgje av Sayyid Abu Bakr al-Kaf og Harold Ingrams, den første politiske embetsmannen i Hadhramaut. Sayyid Abu Bakr brukte den personlege rikdomen sin til å finansiere freden, som sidan vart kalla «Ingram-freden». Dette førte til noko stabilitet og ein kunne innføre tiltak for administrasjon, utdanning og utvikling.[6]

Arkitektur[endre | endre wikiteksten]

Det er estimert at Tarim har opp mot 365moskear. Ein av desse, Sirjis-mosken, er datert til 600-talet. Frå 1600- til 1800-talet spelte desse moskeane ei avgjerande rolle i påverknaden til den islamske læra i området. Den kjende al-Muhdar-moskeen i Tarim er krona av ein 46 meter høg minaret av leirstein, den høgaste i Jemen. Minareten vart designa av dei lokale diktarane Abu Bakr bin Shihab og Alawi Al Mash’hūr. Han stod ferdig i 1914 og al-Muhdar-moskeen vart kalla opp etter Omar Al-Muhdar, ein muslimsk leiar som budde i byen på 1400-talet.[7]

Tarimi-palassa[endre | endre wikiteksten]

Tarim er kjend for dei mange palassa sine - ei samling av kring 30 herskapshus bygde mellom 1870- og 1930-åra. Seint på 1800-talet og tidleg på 1900-talet var mange av kjøpmannsfamiliane i Hadhramaut blitt rike frå handel og investeringar utanlands. Herskapshusa deira står i dag att etter dei.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Alexandroni, S. No Room at the Inn. New Statesman, October 2007
  2. Dar Al-Mustafa
  3. Ba Udhan, H. Tarim at a Glance. Jemen Times, June 2005
  4. Ubaidillah al-Saqqaf, Abdurrahman bin. Nasim Hajir fī Ta’kid Qawli ‘an Madhhab al-Imam al-Muhājir. 
  5. Clarence-Smith, W. Middle Eastern Entrepreneurs in Søraust-Asia, University of London
  6. Smith, R. “Ingrams Peace”, Hadramawt, 1937–40. Some Contemporary Documents Journal of the Royal Asiatic Society (2002)
  7. Tarim...the town mosques and schools. Yemen Times, November 2005

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]