Tarjei Midbø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tarjei Midbø
Fødd 1828
Død

1909 (81 år)

Yrke musikar

Tarjei G. Midbø (18281909) var ein spelemann, bygdepolitikar og kyrkjesongar frå Lårdal i Telemark.

Tarjei var fødd i Bandaksli, og var husmannsson. Trass i dette vart det tidleg røynd at han var gåverik, og fekk seminar i Kviteseid, seinare på Holt. Sidan vart han tilsett som lærar i Eidsborg og Lårdal, først ved omgangsskulen, seinare ved den faste grendeskulen i Lårdal. Elles var Tarjei ein kjend kyrkjesongar, og budde lenge på klokkargarden Kvålo.

Myllarguten var mykje innom Lårdal i tida etter 1850, og Myllaren var ein god ven av Tarjei. Frå han fekk Tarjei Midbø mykje godt spel, som han seinare lærte vidare til eleven sin, Tarjei Tvigyva.

Attåt virket som spelemann, lærar og kyrkjesongar, sat Tarjei Midbø lenge i heradsstyret, var tilsett i forlikskommisjonen og fattigkommisjonen. Det vert òg fortald at han var ein dugande dansar. Trass i alle desse verva og stillinga i bygda fekk han vanskar med andre førande menn, og laut bryta opp. Han emigrerte til Amerika i 1873, og døydde der i 1909. I Amerika gjorde han seg kjend i det norske utvandrarmiljøet, og gav ut ei bok om Myllaren.

Virket til Tarjei Midbø minner noko om virket til læraren og folkeminnesamlaren Andris Vang frå Valdres.