Tarjei Romtveit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tarjei Romtveit

Fødd25. juli 1925 (98 år)
FødestadKjekhusland i Vinje
OpphavNoreg
Verka somIndustriarbeidar, spelemann
MorAnne Romtveit f. Særen (d. 2005)
FarØystein Romtveit (d. 1985)
Gift medBrita Romtveit f. Hjarpedalen (d. 2017)
BornAnne Romtveit, Hillborg Romtveit (kvedar, dansar), Øystein Romtveit (spelemann, dansar)
PrisarKongens fortenestmedalje i gull

Tarjei Romtveit (fødd 25. juli 1925 på Kjekhusland i Vinje) er ein norsk spelemann på hardingfele.

Tarjei Romtveit er tippoldebarn av Torgeir (Tarjei) Augundsson, kjend som Myllarguten (1801-72), kan hende den største slåtteskapar og slåtteformar for hardingfele gjennom tidene. Tarjei og bror hans, Aslak, lærde stort sett seg sjølve å spele då dei var gutungar, etter å ha høyrd slåttespelet til morfar Aslak Særen. Dei var òg mykje hjå ein gamal lokal spelemann, Olav Vassend. Der fekk dei lære, men fyrst og fremst spele som dei ville, for Olav var glad i å høyre spel, jamvel når det var unge, langt frå utlærde spelemenn som spela. Tarjei har òg vore serleg inspirera av meisterspelemennane Gjermund Haugen, Sigbjørn Bernhoft Osa, Anund Roheim og Jørgen Tjønnstaul. Alt under andre verdskrigen var Tarjei ein god dansespelemann – eit omdøme som seinare gjorde han til ein etterspurd og omtykt dansespelemann, både på kappleikar og til fest.

Det var forbod mot forsamlingar under krigen, om så berre for fest og moro. Men det hindra ikkje ungdomen. Tarjei kunne snikre, skar materialar på Vinje-saga og frakta bord og plank langt til skogs, der dei bygde danseplatting. Dei illegale festane blei lyste på jungeltelegrafen – og folk kom heilt frå Dalen og Skafså for å høyre spel og danse.

I åri etter krigen stod det dårleg til med interessa for hardingfelespel i Vinje. Etter at meisterspelaren Kristiane Lund hadde sagt at einaste løysinga var å skipe lag, var Tarjei i 1953 med på å skipe Vinje Spilemannslag. Han var formann i laget 1957-61 og 1963-99, altso i førti år. Han var so styremedlem til 2002. I alle desse åri var han musikalsk leiar i Vinje Spilemannslag. Slik verka han med til å gjera det som for han sjølv hadde vore vanskeleg tilgjengeleg, mykje lettare å lære seg for dei neste generasjonane.

I 1968 tok Tarjei for fyrste gong del på Landskappleiken, der han vann B-klassa. Soleis rykka han opp til meisterklassa ved fyrste forsøk.

Tarjei sitt spel er kjenneteikna ved ei klår, høgstemd tone. Spelet speglar personlegdomen – ei roleg, verdig framtoning, med ein velutvikla humoristisk sans og sers godt humør.

Tarjei har vore ein bygdespilemann i rette meininga av ordet. Han svara oftast ja når han blei beden om å spele, og blei bruka i alle slags høve, anten det galdt høgtidelege opningar, gjestebod, gravferder eller årmålsdagar. Han tok sjeldan betaling, avdi han på sett og vis kjende seg som ein misjonær i spelsamanheng. Våren 1945 spela han fyrste gong til dans i eit bryllaup. Sidan har det blivi dansespel i mange gjestebod og fester.

Tarjei har i alle år gjort ein stor innsats for rekruttering til folkemusikken i Vinje og Vest-Telemark. Den var i mange år god, ikkje minst takk vera innsatsen hans. Han har vore kursleiar i felespel eit utall gongar, likeins spelemann på bygdedanskurs. Han har gjeve mange ungar og ungdomar den fyrste innføringa i hardingfelespel, og vore læremeister for vidarekomne spelemenn og -kvinner – både heime i stoga og i lokale kringom i Vest-Telemark. Tarjei har ikkje berre vore ein tolmotig mann. Men som spellærar var han sers tolmotig. Han meinte skort på tolsemd hjå læraren ville hindre gleda over å lære spel.

Tarjei har òg gjort ein stor innsats for formidling av folkemusikk. Alt tidleg på 1960-talet var han fyrste gong med i eit fjernsynsprogram, og har vore med på ein lang rad radio- og fjernsynsopptak, og som konsertspelemann. Han var mellom dei fyrste folkemusikarane som spela på den nyskapande kulturinstitusjonen Club 7 i Oslo, då Vinje Spilemannslag opptrådde der i 1970.

Tarjei har òg vore engasjert i folkemusikkpolitiske spursmål. Han protestera ved fleire høve mot mangelen på folkemusikk i NRK – ålment og i distriktssendingane. Han var av dei mange som ikkje var einig i at Landslaget for Spelemenn skulle utvide engasjementet sitt til òg å femne om gamaldans og trekkspelmusikk. Han var i 1987 soleis med og skipa Norsk Folkemusikk- og Danselag, som hadde til fyremål å hegne om og utvikle dei ubrotne folkemusikk- og bygdedanstradisjonane i Noreg, og fremje norsk folkemusikk og bygdedans som fullverdige kunstformer. Men dette tydde ikkje at han var motstandar av gamaldans. Tvert om spela han opp gjennom åri til gamaldans i ensemble med trekkspel og hardingfele.

Tarjei blei i 1984 utnemnd til heidersmedlem i Landslaget for Spelemenn. I 1988 fekk han Vinje kommune sin kulturpris. I 1994 blei han tildela H.M. Kongens Fortenestemedalje i gull. I 1994 gav han ut CDen «Kvenneslåtten».

Òg på andre område enn spel har Tarjei vore ein viktig person i lokalsamfunnet. Han har vore ei god kunnskapskjelde for Vinje Historielag. Knivsmedhandverket låg lett for han, og han var makalaus til få skarp egg i reidskapen.

Tarjei har vore ein ihuga jeger, og var ein av skiparane av Vinje jaktlag kring 195

Kjelder[endre | endre wikiteksten]