Meltingskanalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tarmkanal)
Skjematisk framstilling av mage-tarmkanalen med magesekken og matrøyret øvst.

Meltingskanalen eller gastrointestinaltraktus (lat. tractus digestorius) er eit organsystem hos menneske og andre dyr som tek inn mat og bryt han ned for å hente ut og absorbere næringsemne. Restane, avfallsemna, blir sendt ut av kroppen i form av urin og avføring. Meltingskanalen er samansett av munnen, matrøyret, magesekken, tjukktarmen og tynntarmen.

Hjå menneske omfattar tarmkanalen tynntarmen med tolvfingertarmen og tjukktarmen med blindtarmen og endetarmen. Han strekkjer seg frå magesekken til endetarmsopninga og er mellom 7 og 9 meter lang. Tarmrøyret er omfatta av bukhinna. Opninga mellom magesekken og tarmkanalen kan lukkast med ein kraftig snøremuskel i portnaren (pylorus). Endetarmsopninga blir kontrollert av ringmusklar.

Hjå dei fleste virveldyr er tarmkanalen delt i ein fremre og bakre del, tynntarm og tjukktarm, som er skilde med ein innsnevrande klaff der ein også finn ein eller fleire blindtarmar. Store, kompliserte dyr har forlenga, buktande tarmkanalar der også flaten på innsida blir auka gjennom foldingar og tarmtottar. Slik kan dei ta opp næring som svarer til kroppsmassen deira. Meir primitive dyr, som rundmunnar, har eit nokså rett og einsarta tarmrøyr. Tarmen er kort hjå kjøtetarar og lang hjå planteetarar.

Virvellause dyr kan ha tarmkanal som er lik fordøyingskanalen. Nokre, til dømes flimmerormar, har ikkje analopning. I tillegg til musklar i tarmveggen kan dei også ha flimmerhår som flytter på tarminnhaldet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]