Tarpeia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Denarius (19-18 f.Kr.) som viser hovudet til keisar Augustus og Tarpeia knust av soldatane sine skjold.

Tarpeia er ei kvinne i romersk mytologi som skal ha levd i den romerske kongetida.[1]

Soldatar angrip Tarpeia. Fragment av eit relieff frå Basilica Aemilia (første hundreåret)
Denarius frå 89 f.Kr. som viser Tarpeia si straff.

Ifølgje soga var Tarpeia ei vestalinne som var dotter av den romerske leiaren Spurius Tarpeius. Ho opna porten til forskansinga av Kapitol for sabinarkongen Tatius og hans menn, som ville hemna sabinarinnerovet som Romulus hadde stått bak. Som straff blei Tarpeia ifølgje ein tradisjon kasta ut frå Kapitolhøgda, og gav dermed namn til staden der det skjedde, Den tarpeiske klippa.[2] Ifølgje ei anna soge døydde ho under vekta av dei mange skjolda som sabinarane sjølv la oppå henne. Ho var nemlig blitt lova det sabinarane hadde på armen - og tenkte då på dei vakre gullarmbanda deira - men blei i staden lessa ned med skjold. Deretter skal kroppen hennar ha blitt kasta ut frå klippa (Rupes Tarpeia).[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Livius. «Ab urbe condita» 1:11. Translated from the Original with Notes and Illustrations by George Baker, A.M.. First American ed., from the Last London Edition, in Six Volumes. (New York: Peter A. Mesier et al., 1823). Henta 1 May 2016. 
  • Propertius, IV.4
Referansar
  1. «Tarpeia» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. Morford, M.; Lenardon, R. (1999). Classical mythology. Oxford University Press. s. 536. ISBN 978-0-19-514338-6. 
  3. Sanders, H. (1904). Roman historical sources and institutions. Macmillan. s. 1–47.