Tars

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tarse)
Venstrefot sett frå undersida, høgre for sett frå oversida. Beina i mennesketarsus. A - Calcaneus. B - Talus. C - Cuboid. D - Navicular. E, F, G - Cuneiform bein

Hos firbeinte virveldyr, tetrapodar, er tars eller tarse, latinsk tarsus, ei klynge av leddelte bein i kvar fot mellom den nedre enden av tibia og fibula av leggen og mellomfoten. I foten er tarsen forbunde med beina i mellomfoten, som igjen har ledd mot bein i dei einskilde tærne. Leddet mellom tibia og fibula ovanfor og tarsen nedanfor er referert til som okleleddet.

Hos fuglar er tilsvarande bein i tarsen omdanna, det ein kallar tars er den ofte lange og mest synlege delen av foten, mellom leggen og tærne.

I menneskefoten er det største beinet i tarsen kalla calcaneus, som er det vektbærande beinet i hælen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]