Tarva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tarva
Geografi
Norway - Tarva.png
Stad Tarvafjorden
Koordinatar 63°48′36″N 09°25′54″EKoordinatar: 63°48′36″N 09°25′54″E

Areal 14 km²

Høgaste punkt 30 moh.
Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Trøndelag

Demografi
Folketal 15
Folketettleik 1,1 /km²

Tarva er ei øygruppe i Bjugn kommune i Trøndelag. Den største og einaste busette av øyane er Husøya. Arealet er 14 km², der Husøya utgjer 8 km². Øya har om lag 15 fastbuande. Tarvafjorden ligg mellom øyane og fastlandet. I nord ligg Frohavet.

Øya høyrte til Austrått fram til 1858, og har framleis ein opphavleg eigedomsstruktur med ein dominerande grunneigar. Det vert drive landbruk, mellom anna med utgangarsau og egg- og dunvær. Luftforsvaret har eit skytefelt på vestsida av øyane. Været landskapsvernområde på austsida vart oppretta i 1982.

Tarva kapell vart bygd i 1972, og kyrkjegarden vart oppretta i 1921. Tarva har eige postkontor med postadresse 7166 Tarva. Øya har ikkje butikkar, men sommaropen pub. Det er ferjesamband til Dybfest på fastlandet. Tarva skule vart nedlagd på 1990-talet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]