Tarvafjorden

Koordinatar: 63°48′10.091″N 9°32′37.270″E / 63.80280306°N 9.54368611°E / 63.80280306; 9.54368611
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

63°48′10.091″N 9°32′37.270″E / 63.80280306°N 9.54368611°E / 63.80280306; 9.54368611 Tarvafjorden er ein fjord i Ørland kommune i Trøndelag mellom øygruppa Tarva i vest og fastlandet i aust. Fjorden har ei lengd på om lag 12 km og grensar til Frohavet i begge endar.

Fjorden har innløp i nord mellom Tristeinen i vest og Kvaløy fyr i aust. Av dei større øyane i Tarva langs fjorden finn ein Været, Husøya og Karlsøya. Frå Husøya går det ferje over fjorden til Djupfest. I sør endar fjorden mellom Gyltingen i vest og Festholmen ved Nes. Tørrskjær fyr ligg midt i leia lengst sør i fjorden.

I aust går Valsfjorden innover til Oksvoll.