Tasha Thomas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tasha Thomas
Tasha Thomas Publicity Photo 001.jpg
Fødd1945
FødestadUSA
Død8. november 1984 (39 år)
OpphavUSA
SjangerR&B, soul, disco
PlateselskapOrbit, Atlantic, Buddha, Roulette
Verka somsongar

Tasha Thomas (19458. november 1984) var ein USA-amerikansk songar-låtskrivar og skodespelar, kjend for rolla hennar som Aunt Em i den originale Broadway-produksjonen av The Wiz. Thomas fekk òg ein hitsingel med «Shoot Me (With Your Love)» frå albumet Midnight Rendezvous i 1979.

I 1972 song Thomas korvokal i lag med songaren Ellie Greenwich for debutalbumet til Jim Croce, You Don't Mess Around With Jim. Ho song òg på Slade-albumet Nobody's Fools frå 1976 og i 1977 på Kiss-albumet Love Gun, som ein av «KISSettes».

Thomas døydde av kreft i 1984, 39 år gammal.[1]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

  • The Wiz (Atlantic Records, ASIN: B000V6AS46)
  • Midnight Rendezvous (Atlantic Records, ATLANTIC SD 19223 1)

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • «Rock-A-Bye, Baby» (2011)
  • «Shoot Me (With Your Love)» – U.S. No. 91 Pop, No. 25 R&B; UK No. 59[2]
  • «Hot Buttered Boogie»
  • «Street Fever»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Dead Rock Stars Club – The 1980s». Thedeadrockstarsclub.com. Henta 11. april 2020. 
  2. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 557. ISBN 1-904994-10-5. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]