Tasmansk djevel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tasmansk djevel

Tasmansk djevel eller pungdjevel (Sarcophilus harrisii eller Sarcophilus laniarius), er eit lite dyr på storleik med ein stor katt. Han har fått namnet sitt fordi han i forhold til storleiken sin har ein av verdas sterkaste kjevar. Dersom han føler seg trua lagar han eit brøl som kan høyrast ut som eit uhyre som skrik. Han har vore utbreidd i heile Australia, men no finst han berre på øya Tasmania, med eitt unnatak: København Zoo. Dyreparken i København fekk fire tasmanske djevlar av den tasmanske regjeringa då prins Christian av Danmark vart døypt, fordi mor hans, kronprinsesse Mary av Danmark, er frå Tasmania.

No herjar ein kreftsjukdom som truar med å utrydde den tamanske djevelen. Forskarar i Australia jobbar for å finne ein kur mot den drastiske nedgangen i talet på arten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]