Tatabánya
47°35′10″N 18°23′41″E / 47.58611°N 18.39472°E
| Tatabánya | |||
| by | |||
Utsyn over Tatabánya | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Statistisk region | Sentral-Transdanubia | ||
| Fylke | Komárom-Esztergom | ||
| Distrikt | Tatabánya | ||
| Høgd | 230 m | ||
| Areal | 91,42 km² | ||
| Folketal | 65 830 (2022[1]) | ||
| Grunnlagd | 1947 frå fire landsbyar | ||
| Postnummer | 2800 | ||
| Retningsnummer | 34 | ||
![]() Tatabánya 47°35′10″N 18°23′41″E / 47.58616°N 18.39485°E | |||
| Wikimedia Commons: Tatabánya | |||
Tatabánya er ein by med fylkesrettar[2] og hovudsete i distriktet med same namn i fylket Komárom-Esztergom i regionen Sentral-Transdanubia nordvest i Ungarn.[3] Han er òg fylkeshovudstad i Komárom-Esztergom fylke og har oppunder 70 000 innbyggjarar.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Arkeologiske funn har vist at det har vore folk i området sidan steinalderen. Tre landsbyar låg her før Tatabánya: Alsógalla, Felsőgalla og Bánhida. Bánhida er den tidlegaste av desse og vart først nemnd i 1288.
På 1500-talet erobra osmanarane området. På denne tida vart innbyggjarane protestantar. Seinare flytta dei føydale herrane, Huset Esterházy, inn romersk-katolske tyskarar og slovakarar til byen.
I ei folketeljing i 1787 hadde Alsógalla 580 innbyggjarar og Felsőgalla 842. Kol vart oppdaga i området på denne tida og folketalet auka og ein ny busetnad vart danna, som utvikla seg til landsbyen Tatabánya.
Under industrialiseringa etter den andre verdskrigen utvikla fleire ungarske småbyar seg til store industribyar. Dei fire landsbyane vart slått saman 1. oktober 1947 under namnet Tatabánya og han fekk bystatus. I 1950 vart han fylkeshovudstad i Komárom-Esztergom og i 1980-åra hadde han alt meir enn 80 000 innbyggjarar.
Etter den sosialistiske regjeringa sitt fall og dei politiske endringane i 1989 vart tungindustrien og gruvedrifta mindre viktig og den økonomiske strukturen i byen endra seg markant.
Folketal
[endre | endre wikiteksten]Folketalet i busetnaden ved dei siste folketeljingane:[1]
| Folketal 2001 | Folketal 2011 | Folketal 2022 | |
|---|---|---|---|
| Tatabánya | 72 470 | 67 753 | 65 830 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tatabánya» frå Wikipedia på engelsk, den 27. september 2007.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 «Census database: Population data by settlement». Központi Statisztikai Hivatal (KSH) (Ungarns sentrale statistiske kontor). Henta 23. september 2025.
- ↑ «Megyei jogú városok (Byar med fylkesrettar)» (PDF). ksh.hu (på ungarsk). Központi Statisztikai Hivatal (KSH) (Ungarns sentrale statistiske kontor). juli 2012. Henta 24. september 2025.
- ↑ «Magyarország közigazgatási helynévkönyve 2019. január 1. (Administrative stadnamn 1. januar 2019)» (PDF). ksh.hu (på ungarsk og engelsk). Központi Statisztikai Hivatal (KSH) (Ungarns sentrale statistiske kontor). 1. januar 2019. Henta 24. september 2025.
