Tatiana Grigorieva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tatiana Grigorieva
Statsborgarskap Australia
Fødd 8. oktober 1975 (48 år)
St. Petersburg
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2000, Samveldeleikane 2002, Samveldeleikane 2006

Utmerkingar

Athletics Australia Hall of Fame

Tatiana Grigorieva (fødd 8. oktober 1975) er ein russisk-australsk tidlegare friidrettsutøver som utmerkte seg i stavhopp. Ho vann OL-sølv i 2000 og VM-bronse i 1999.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Grigorieva vart fødd i Leningrad. I 1997 utvandra ho til Australia og byrja med stavhopp. Sommaren 1999 sette ho landsrekord ved å gå over 4,50 meter i Salamanca i Spania. Nokre veker seinare tok ho bronsemedaljen i øvinga ved VM i Sevilla. Under dei olympiske leikane på heimebane i Sydney hausten 2000 forbetra ho seg til 4,55 m og sikra seg sølvmedaljen i tevlinga. I verdsmeisterskapen 2001 enda Grigorieva på fjerdeplass, jamhøgt med bronsemedaljøren Monika Pyrek. Få veker etter VM flytta ho den australske landsrekord til 4,56 m i Yokohama. Sommaren 2002 sigra Grigorieva i samveldeleikane med eit bestehopp på 4,35 m. Ho forbetra i 2006-sesongen sitt livsbeste i stavhopp til 4,58 m ved eit stemne i Daegu.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]