Tavira

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For øya med same namn, sjå Ilha de Tavira.


Tavira
Gate i Tavira
Land  Portugal
Region Algarve
Distrikt Faro
Areal 606,98 km²
Folketal 25 394
Kart
Tavira
37°07′51″N 7°39′02″W / 37.13085°N 7.6506°W / 37.13085; -7.6506
Wikimedia Commons: Tavira
Nettstad: http://www.cm-tavira.pt

Tavira er ein by og kommune som ligg aust i Algarve ved sørkysten av Portugal. Han har om lag 25 000 innbyggjarar.[1] Gilão-elva renn ut i havet ved Tavira.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Historia til Tavira kan førast tilbake til bronsealderen (1000 til 800 f.Kr.).[2] Rundt 800 f.Kr byrja fønikarar å busetja seg i området. Fønikarane danna eit bysenter med massive forsvarsmurar, minst to tempel og to hamner. Fønikiske Tavira eksisterte fram til slutten av 500-talet f.Kr., då byen blei øydelagd av konflikt. Han blei liggjande aude i rundt eit hundreår før han blei busett att, men også denne byen var blitt forlaten ved slutten av 300-talet f.Kr.

Den romerske/mauriske brua i Tavira.

Tavira kom seinare under romersk styre med eit nytt sentrum på Cerro do Cavaco, ein befesta åstopp. Under cæsarane skipa romarane ei ny hamn, Balsa, rundt 7 km frå Tavira. Denne hamnebyen blei større og viktigare enn Tavira, som blei liggjande på den viktige vegen mellom Balsa og Baesuris (dagens Castro Marim).

Området blei teke over av maurarar på 700-talet, som tok kontroll over Tavira i 712. Maurarane sette preg på jordbruk, kultur og arkitektur. Slottet i Tavira og den såkalla romerske brua i byen blei bygd i maurartida. Frå 1000-talet blei Tavira ein viktig hamneby, og blei ein av dei største byane i Algarve.

Bygninar i Tavira.

I 1242 tok den kristne hærføraren Paio Peres Correia byen frå maurarane under Reconquista. Den blodige konflikten byrja etter ei tid med våpenkvile etter at sju av dei viktigaste riddarane hans var blitt drepne. Mange av innbyggjarane i byen blei drepne i konflikten. Etter at det blei innført kristent herredøme i byen forlét dei fleste muslimar han, men ein del blei verande i ein bydel som blei kjend som «Mouraria». Dom Paio Perres Correia er minna med ein byste på hjørnet av rådhuset i dagens Tavira. Kyrkja Santa Maria do Castelo, som er bygd på tuftene av ein maurisk moské, huser gravene til dom Paio Peres Correia og fleire av riddarane hans.

På 1600-talet hadde Tavira med elvehamna si ei viktig stilling for skipsfart med salt, vin og tørrfisk. Jordskjelvet i Lisboa den 1. november 1755 råka også Tavira, og store delar av byen blei øydelagd. Byen blei seinare gjenoppbygd.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Tavira har sin eigen jernbanestasjon på linja frå Vila Real de Santo António til Faro og Lagos.

A22-motorvegen passerer i nærleiken av byen. Dette gjev raskt vegsamband langs Algarve-kysten og austover til Sevilla.

Den næraste internasjonale flyplassen er ved Faro.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Estimativas Provisórias de População Residente - Portugal, NUTS II, NUTS III e Municípios - 2008
  2. cultura.cm-tavira.pt Tavira Then and Now

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]