Tawadros II av Alexandria

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tawadros II

Patriark av Alexandria
Periode2012-
Fullt namnkoptisk Ⲡⲁⲡⲁ Ⲁⲃⲃⲁ Ⲑⲉόⲇⲱⲣⲟⲥ
arabisk البابا تواضروس التانى
Fødd4. november 1952 i Mansura
FødestadMansura
FøregangarShenouda III av Alexandria

Biskop Tawadros II (fødd Waǧīh Ṣubḥī Bāqī Sulaymān4. november 1952 i Mansura i Egypt) har sidan 18. november 2012 vore koptisk-ortodoks pave.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Far til Wagih Sobhi Baki Solayman var landskapsarkitekt. Fem år gammal vart han med då familien flytta til Sohag, og tre år seinare til Damanhur. Seinare studerte han farmasi ved Universitetet i Alexandria med eksamen 1975. I 1986 vart han munk, og i 1989 vart han ordinert til prest.

I 1997 vart han biskop i El-Beheira bispedømme i Egypt under namnet Tawadros.

Pave[endre | endre wikiteksten]

4. november 2012 vart Tawadros vald til nytt overhovud for den koptiske kyrkja, og ved ein seremoni 18. november 2012 vart han innsett som patriark av Alexandria.

Namnet hans vert i europeiske språk òg skrive «Theodor». På koptisk blir namnet skrive Ⲡⲁⲡⲁ Ⲁⲃⲃⲁ Ⲑⲉόⲇⲱⲣⲟⲥ, og på arabisk تواضروس التانى بابا‎.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne religionsartikkelen som har med Egypt å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.