Tawari

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tawari
Tawari
Tawari
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Crossosomatales
Familie: Strasburgeriaceae
Slekt: Ixerba
Art: Tawari I. brexioides
Vitskapleg namn
Ixerba brexioides

Tawari (Ixerba brexioides) er eit dekkfrøblada blomeberande tre, det einaste medlemet av den einaste karplantefamilien som er endemisk (stadeigen) på New Zealand. Det finst berre på Nordøya, mellom Waitomo og Kaitaia, og er brukt i produksjon av honning. Treet veks ofte i område med kauritre.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Treet kan veksa seg opp til 15 meter høgt med ein stamme frå 10 til 20 cm i diameter. Det har vakre, kvite blomar, og blømer frå oktober til sist i desember, vanlegvis seinare di høgare og lenger sør det veks[1].

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Salsside for Tawarihonning med bilete av blomane., arkivert frå originalen 2. juni 2010, henta 29. september 2008 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]