Taxi av Bryan Ferry

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Taxi
Studioalbum av Bryan Ferry
Språk engelsk
Utgjeve 13. april 1993
Innspelt 1988–1993
Studio Matrix Studios i London
Sjanger
Lengd 39:09
Selskap
Produsent
Bryan Ferry-kronologi 
Bête Noire
(1987)
Taxi Mamouna
(1994)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars[2]
Robert Christgau(middels)[3]
Entertainment WeeklyB[4]
Rolling Stone4/5 stars[5]

Taxi er det åttande studioalbumet til Bryan Ferry, tidlegare solovokalist for Roxy Music. Albumet kom ut på Virgin Records i april 1993 over fem år etter det førre albumet hans, Bête Noire.[6] Dette var det tredje soloalbumet til Ferry etter Roxy Music vart oppløyst i 1983. Albumet selde godt og fekk god kritikk, og nådde andreplassen i Storbritannia, der det selde til gullplate.

Den første singelen, «I Put a Spell on You», var den einaste topp 20-hitten i Storbritannia, med ein 18. plass på lista. Den andre singelen, «Will You Love Me Tomorrow», nådde 23. plassen. Den tredje og siste singelen, «Girl Of My Best Friend» nådde 57. plassen på lista.[7][8]

Produksjon og innspeling[endre | endre wikiteksten]

Taxi er eit coveralbum (sjølv om siste sporet «Because You’re Mine» er ein original). Då Ferry vart spurt om albumet sa han at «Sidan eg byrja å arbeide på Taxi har alt gått bra for meg. Dei siste to åra har vore kjempefint, men eg hadde tre eller fire dårlege år. Då eg gjorde Taxi-albumet var det starten på å få ting riktig igjen. Berre å få gjort noko raskt og effektivt var særs gledeleg. Få noko eg likte ferdig og gå attende til å syngje att, kome seg bort frå mi eiga skriving for ei stund var ein bra ting.»[9]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

AllMusic-kritikaren Ned Raggett skreiv: «Taxi syner ein moden Bryan Ferry, elegant og kontrollert, særs mykje på linje med den generelle karrieren hans sidan 1979 ... den handsama vokalen til Ferry, som vart gjort merkeleg flat og komprimert, forsterka den nysgjerrige stemninga.»[1] Entertainment Weekly-skribenten David Browne skreiv om albumet: «Få av nyinnspelingane har den dekadente, muntre entusiasmen coveralbuma hans i 70-åra hadde. Men det er greitt, sidan Ferry har eit anna mål: vakkert uhyggeleg stemningsmusikk for den kjærlege vampyren i oss alle.»[10] Rob Sheffield gav albumet tre stjerner og skreiv at «Taxi er ei samling av gjennomgåande kvalitet, som varierer frå 'Amazing Grace' til 'All Tomorrow's Parties.'»[11]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«I Put a Spell on You»Screamin' Jay Hawkins5:27
2.«Will You Love Me Tomorrow»4:18
3.«Answer Me»2:47
4.«Just One Look»
3:33
5.«Rescue Me»
3:40
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«All Tomorrow's Parties»Lou Reed5:31
7.«Girl of My Best Friend»
3:26
8.«Amazing Grace»John Newton4:01
9.«Taxi»
5:30
10.«Because You're Mine»Bryan Ferry1:44
Total lengd:39:09
Janpansk bonusspor
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
11.«Are You Lonesome Tonight»5:08

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Henta frå platenotata.[12]

  • Bryan Ferry – solovokal, piano, orgel, heks, synthesizer, strykarar
Andre medverkande
Teknisk

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album

Liste (1993) Plassering
Australia (ARIA Charts)[13] 26
UK Albums Chart 2
US Billboard 200 79

Singlar

År Singel Liste Plassering
1993 «I Put a Spell On You» UK Singles Chart 18[14]
1993 «Will You Love Me Tomorrow» UK Singles Chart 23[15]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 http://www.allmusic.com/album/taxi-mw0000618627
  2. lenkje
  3. Jan. 26, 1988
  4. lenkje, arkivert frå originalen 29. juli 2014, henta 23. juli 2021 
  5. lenkje, arkivert frå originalen 1. februar 2013, henta 23. juli 2021 
  6. «Music Reviews : Bryan Ferry: Taxi». Rolling Stone. Jun 24, 1993. 
  7. http://www.officialcharts.com/artist/_/bryan%20ferry/
  8. http://www.vivaroxymusic.com/albums_23.php
  9. http://silvermichaels.weebly.com/2/post/2013/07/flashback-bryan-ferry-january-1995.html
  10. arkivkopi, arkivert frå originalen 29. juli 2014, henta 23. juli 2021 
  11. Brackett, Nathan. «Bryan Ferry». The New Rolling Stone Album Guide. November 2004. s. 297
  12. Taxi liner notes. Virgin. 1993. 
  13. Ryan, Gavin (2011). Australia's Music Charts 1988–2010 (pdf utg.). Mt. Martha, VIC i Australia: Moonlight Publishing. 
  14. http://www.vivaroxymusic.com/singles_215.php
  15. http://www.vivaroxymusic.com/singles_597.php

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]