Taylor Valley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Koordinatar: 77°37′S 163°00′E
Taylor Valley
dal
none Bilete frå desember 2001 av målestasjonen til USGS ved Huey Creek i Taylor Valley
Bilete frå desember 2001 av målestasjonen til USGS ved Huey Creek i Taylor Valley
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
Stad Victoria Land
 - koordinatar 77°37′S 163°00′E
Administrert under Antarktistraktaten
Kart som syner plasseringa til Taylor Valley
Kart som syner plasseringa til Taylor Valley
Taylor Valley is located in Antarktis
Taylor Valley (Antarktis)

Taylor Valley er den sørlege av dei tre store Dry Valleys i Dei transantarktiske fjella i Victoria Land, vest for McMurdo Sound. Dalen strekkjer seg frå Taylorbreen i vest til McMurdo Sound ved Explorers Cove nordvest for botnen av New Harbour i aust og er kring 30 km lang. Taylorbreen dekte ein gong heile dalen, men denne har no trekt seg attende. Lake Bonney ligg vest (innsida) av Taylor Valley og Lake Fryxell ligg i aust (ves kysten) og Lake Hoare, Lake Chad, Lake Popplewell, Mummy Pond og Parera Pond ligg i nærleiken, mellom dei to. Lenger aust for Lake Bonney ligg Pearse Valley. Taylor Valley er skild frå Wright Valley i nord av Asgard Range og frå Ferrarbreen i sør til Kukri Hills.

Satellittbilete av dalen med Lake Bonney.

Taylor Valley vart oppdaga av Discovery-ekspedisjonen (1901–04) og vart utforska av Nimrod-ekspedisjonen (1907–09) og Terra Nova-ekspedisjonen (1910–13) og kalla opp etter den australske geologen Thomas Griffith Taylor.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]