Te Araroa Trail

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Te Araroa ('Den lange vegen') er ei langdistanse fotturrute på New Zealand. Ruta strekkjer seg langs dei to hovudøyene frå Cape Reinga til Bluff i ei lengde på om lag 3000 km. Ruta er samansett av ei blanding av eldre ruter og gangvegar og nye stiar og sambandslinjer langs bilvegar.[1]. Det tek vanlegvis frå tre til seks månadar å gå den heile lengda til ruta, og dette er vorte tiltakande populært.

TA-skilt framfor Telegraph Hut.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tanken om ei nasjonal turrute går attende til 1970-talet då han vart lagt fram av Federated Mountain Clubs of New Zealand, og i 1975 vart New Zealand Walkways Commission grunnlagd[2], men dei neste 15 åra vart det berre gjort små framsteg[3]. I 1994 kom journalisten Geoff Chapple med eit framlegg om ei lang turrute på New Zealand, og grunnla Te Araroa Trust[3][4]. Tilrådingar og forhandlingar om tilgjenge heldt fram, og frå 2006 byrja planar for ruta verta ein del av dei lokale styresmaktene si planlegging[5]. Den 3000 km (1864 miles) ruta opna offisielt 3. desember 2011 etter 10 års arbeidsinnsats av hundrevis friviljuge[6]. Utbygginga, koordinert av Te Araroa Trust, held fram.

Ruta er sett saman av bortmot 300 delar som varierer mellom vandringar på ein til to timar, til ei om kring ni-dagars rute på Sørøya der dei fleste vandrarane ber med seg store mengder mat og utstyr. Førti prosent av ruta kryssar verna landområde, og styresmaktene sette i 2007 av 3,8 millionar NZ-dollar til utbygging av nye seksjonar av ruta gjennom verna landområde dette året[7].

Om ruta[endre | endre wikiteksten]

Sterling Point, den sørlege enden til Te Araroa i Bluff

Den rettlinja fråstanden mellomCape Reinga og Bluff er 1475 km, men heile ruta Te Araroa strekkjer seg grovt rekna 3000 km, og varierer i distanse etter som seksjonar vert oppgraderte eller endra på annan måte. Mange delar av ruta er utfordrande. Over desse strekningane er det viktig med nøye planlegging av turen og kryssing av elver, og gode orienteringseigenskapar er tilrådde, så vel som god fysisk form og godt utstyr[8].

Dei fleste som går heile ruta brukar mellom tre og seks månadar på turen[9]. Den britiske ultra-maratonløparen Jez Bragg fullførte på 53 dagar saman med ei støttegruppe i sesongen 2012-2013[10].

Med unntak av eit kortare stykke av Queen Charlotte Track ved den nordlege enden av ruta på Sørøya[9], trengst ikkje noko løyve eller betaling for å gå Te Araoa. Men Te Araroa Trust ber om ein donasjon på 500 dollar frå kvar person som går heile ruta, 250 dollar frå dei som berre går på ei av øyene, og mindre beløp frå dei som går einskilde seksjonar[9]. Dei fleste som går heile ruta betalar berre $92 for eit 6 månaders hyttepass frå DOC, som gjev dei løyve til å overnatta i det utbreidde nettverket av villmarkshytter på New Zealand.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Breast Hill track open for trampers». Otago Daily Times. 31. mars 2011. Henta 18. februar 2019. 
  2. «New Zealand Walkways Act 1975 (1975 No 31)». Henta 18. mars 2018. 
  3. 3,0 3,1 «Te Araroa - The Long Pathway opening». The Governor-General of New Zealand /Te Kawana Tianara o Aotearoa. 3. desember 2011. Henta 18. februar 2019. 
  4. «Te Araroa: Take a very long hike». New Zealand Herald. 6. september 2001. Henta 18. februar 2019. 
  5. «New Zealand's Trail - Overview & History». Te Araroa. 3. desember 2011. Henta 18. februar 2019. 
  6. «New Zealand's Trail - Home». Te Araroa. Henta 18. februar 2019. 
  7. «Up to 150km to be added to Te Araroa Walkway». 20. mai 2007. Henta 18. februar 2019. 
  8. Charles Anderson (25. desember 2015). «The-long-pathway-of-Andy-Wyatt:The-first-man-to-die-on-the-Te-Araroa-Trail». Stuff.co.nz. Henta 18. februar 2019. 
  9. 9,0 9,1 9,2 «New Zealand's Trail - FAQ». Te Araroa. Henta 18. februar 2019. 
  10. «Jez Bragg - Ultra runner». THE NORTH FACE, A VF COMPANY. Henta 18. mars 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Te Araroa Trail