Te Deum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Te Deum framført som gregoriansk song.

Te Deum er kortnamnet for Den ambrosianske lovsongen, ein av dei eldste og mest velkjende kristne hymnene. Han byrjar slik på latin: Te Deum laudamus, Te Dominum confitemur («Deg, Gud, lovprisar vi, til Deg Herre vedkjenner vi oss»).

Biskop Ambrosius døyper Augustin i eit måleri frå 1460-åra. Byrjinga av «Te Deum» er skrive over dei.

Teksten[endre | endre wikiteksten]

Teksten er av svært gammalt men har usikkert opphav. Ei legende som truleg er frå 800-talet vil at det var biskop Ambrosius av Milano som på guddommeleg vis skal ha byrja å synge denne hymnen då han i år 387 døypte Augustin av Hippo. Augustin stemde så i og avslutta songen. Etter denne legenda blir hymnen ofte kalla Hymnus Ambrosii eit Augustini ('Hymnen til Ambrosius og Augustin') på latin.

Nokre historikarar har hevda at Ambrosius omsette ein gammal hymne frå den orientalske kyrkja til latin. Anna forsking har tilbakeført teksten til biskop Nicetas av Remesiana (død år 414).

Frå latin har han seinare vorte omsett til særs mange språk.

Musikken[endre | endre wikiteksten]

Den opphavlege melodien er éit av dei eldste kjende musikalske verka og er ein vekselsong sett i frygisk toneart. Melodien har under hundrevis av år seinare vorte variert og gjeve ut i ulike former, frå solostemme til store kor. Mange tonesetjarar har nytta teksten Te Deum.. til heilt eigne tonesettingar, både som einskildståande songar eller som del av større verk, mellom dei Händel, Bruckner, Otto Olsson, Roman og Charpentier.

Nytte[endre | endre wikiteksten]

Sidan hymnen har vore så velkjent i så lang tid har Te Deum vorte eit omgrep i seg sjølv og får ofte gjelde ulike former for takknemndsgudstenester eller -konsertar. Han er vorte nytta ved mange større hendingar i mange hundre år, til dømes nasjonale sigersfestar der ein ville takke Gud for ein siger i krig. Han var særskilt vanleg til dømes til kroning av kongar og keisarar, som jo i eldre tid ofte var Konge av Guds Nåde. Eit tidleg døme er kroninga av Karl den store i år 800.

Innan den katolske kyrkja vert han ofte sungen ved mange større gudstenester.

Den første delen av hymnen er òg kjent som kjenningsmelodien til Den europeiske kringkastingsunionen.

Latinsk og norsk tekst[endre | endre wikiteksten]

Latin Norsk omsetjing

Te Deum laudamus:
te Dominum confitemur.
Te aeternum Patrem
omnis terra veneratur.
Tibi omnes Angeli;
tibi caeli et universae Potestates;
Tibi Cherubim et Seraphim
incessabili voce proclamant:
Sanctus, Sanctus, Sanctus,
Dominus Deus Sabaoth.
Pleni sunt caeli et terra
maiestatis gloriae tuae.
Te gloriosus Apostolorum chorus,
Te Prophetarum laudabilis numerus,
Te Martyrum candidatus laudat exercitus.
Te per orbem terrarum
sancta confitetur Ecclesia,
Patrem immensae maiestatis:
Venerandum tuum verum et unicum Filium;
Sanctum quoque Paraclitum Spiritum.
Tu Rex gloriae, Christe.
Tu Patris sempiternus es Filius.
Tu ad liberandum suscepturus hominem,
non horruisti Virginis uterum.
Tu, devicto mortis aculeo, aperuisti
credentibus regna caelorum.
Tu ad dexteram Dei sedes, in gloria Patris.
Iudex crederis esse venturus.
Te ergo quaesumus, tuis famulis subveni:
quos pretioso sanguine redemisti.
Aeterna fac cum sanctis tuis in gloria numerari.
Salvum fac populum tuum,
Domine, et benedic hereditati tuae.
Et rege eos, et extolle illos usque in aeternum.
Per singulos dies benedicimus te;
Et laudamus Nomen tuum in saeculum, et in saeculum saeculi.
Dignare, Domine, die isto sine peccato nos custodire.
Miserere nostri domine, miserere nostri.
Fiat misericordia tua,
Domine, super nos, quemadmodum speravimus in te.
In te, Domine, speravi:
non confundar in aeternum.

Deg, Gud, lover vi.
Deg, Herre, bekjenner vi.
Deg, evige Fader,
ærer all jorden.
Deg lover alle engler.
Deg bekjenner himlene og alle makter.
Deg ærer kjeruber og serafer,
og med uopphørlig røst de roper:
Hellig! Hellig! Hellig!
Herre Gud Sebaot!
Fulle er himlene og jorden
av din herlighet og velde.
Deg priser apostlenes mektige kor.
Deg lover profetenes ærverdige skare.
Deg opphøyer martyrenes hvitkledte hær.
Deg bekjenner over all jorden
den hellige Kirke,
Fader, umåtelig i velde,
og din høylovede sanne og enbårne Sønn,
og Trøsteren, den Hellige Ånd.
Du er herlighetens konge, Kristus.
Du er Faderens evige Sønn.
Du er blitt menneske for å utfri mennesket
og du skydde ikke jomfruens skjød.
Du har overvunnet dødens brodd
og opplatt himlenes rike for de troende.
Du troner ved Guds høyre hånd, i Faderens herlighet.
Som vår dommer tror vi du skal komme.
Deg ber vi derfor: Hjelp dine tjenere,
som du har gjenløst med ditt dyre blod.
Tell dem blant dine hellige i den evige herlighet.
Frels ditt folk, o Herre,
og velsign din arvelodd.
Led dem og opphøy dem til evig tid.
Dag for dag velsigner vi deg,
og vi lover ditt navn i evighet og i evigheters evighet.
Verdiges, Herre, i denne dag å bevare oss uten synd.
Miskunne deg over oss, Herre,
miskunne deg over oss.
Din miskunn hvile over oss, Herre, vi som håper på deg.
Til deg, Herre, har jeg satt min lit,
la meg ikke bli til skamme i evighet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]