Hopp til innhald

Ted-Jan Bloemen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ted-Jan Bloemen


StatsborgarskapKongeriket Nederlanda, Canada
Fødd16. august 1986 (39 år)
Gouda
Idrettlengdeløp på skeiser
Tok del i Vinter-OL 2018, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 2022 – 10000 meter menn, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 2022 – 5000 meter menn, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 2022 – Lagtempo menn
Utmerkingar Oscarstatuetten

Ted-Jan Bloemen (fødd 16. august 1986) er ein nederlandsk-kanadisk skeiseløpar frå Gouda. Han vart olympisk meister på 10 000 meter under Vinter-OL 2018 i Pyeongchang.

Bloemen fekk heller sjeldan representere Nederland i dei store meisterskapane. Åra 2008-13 deltok han i tre europameisterskap og to verdsmeisterskap. Fjerdeplassen i Skeise-VM 2010 var hans fremste prestasjon.

I 2014 utvandra Bloemen til Canada. I VM enkeltdistansar 2015 fekk han sølv med Canada sitt mannskap i lagtevlinga. 21. desember 2015 sletta han den åtte år gamle verdsrekorden til Sven Kramer på 10 000 meter. I eit verdscupstemne i Salt Lake City gjekk han på mila på tida 12.36,30. For denne rekorden vart Bloemen tildelt Oscarstatuetten for 2016. Seinare i 2016-sesongen tok han sølvmedaljen i milløpet og bronsemedaljen i lagtevlinga ved VM enkeltdistansar i Kolomna.

Den 10. desember 2017 i Salt Lake City forbetra Bloemen også verdsrekorden på 5 000 meter, med sine 6.01,86 gjekk han halvtanna sekund fortare enn det Kramer gjorde ti år tidlegare. Under dei olympiske vinterleikane 2018 vann han gullmedaljen på 10 000 meter og sikra seg dessutan sølvmedaljen på 5 000 meter. Også i VM enkeltdistansar 2020 vann Bloemen gull og sølv, då på omvende distansar. I 2021 fekk han VM-sølv med Canada i lagtevlinga. Sidan vann han bronsen på mila i VM enkeltdistansar 2023 og sølvet i same ved VM enkeltdistansar 2024. Han deltok i Vinter-OL 2026 og vart som best nummer 9 på 10 000 meter.