Ted Joans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ted Joans
Fødd 4. juli 1928
Cairo, USA
Død

25. april 2003 (74 år)
Vancouver

Yrke lyrikar, kunstmålar, jazzmusikar, skribent

Ted Joans (4. juli 192825. april 2003) var ein amerikansk trompetar, jazzpoet og kunstmålar.

Han vart fødd som Theodore Jones på ein elvebåt i Cairo i Illinois. Joans gjennomførte kunstutdanninga si på Indiana University. Han kom seinare i hop med forfattarar i den såkalla beatgenerasjonen i Greenwich Village og San Francisco. Han var ven med beat-ikona Jack Kerouac og Allen Ginsberg. Måleriet Bird Lives heng på De Young Museum i San Francisco.

Joans var òg opphavet til legenda «Bird Lives» (norsk: «Bird lever») som grafitti i New York by etter Charlie Parker sin død i mars 1955.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Funky Jazz Poems
  • Beat Poems
  • All of T.J. and No More
  • The Truth
  • The Hipsters
  • A Black Pow-Wow Of Jazz Poems (1969)
  • Afrodisia (1970)
  • Razzle Dazzle (1980-talet)