Teddy Dyring

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Teddy Dyring
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. september 1916
Larvik
Død

8. mars 1975 (58 år)
Larvik

Yrke politikar
Språk norsk
Politisk parti Senterpartiet

Teddy Dyring, døypt Theodor Dyring, (1. september 19168. mars 1975) var ein norsk forstmann og stortingsrepresentant frå Larvik. Han møtte på Stortinget 1965-73, vald frå Vestfold for Senterpartiet.

Far til Dyring var bokhandlar. Etter eksamen på handelsgymnas i 1937 tok Dyring artilleriet sin befalsskule i 1938. Sidan gjekk han skogskulen og tok i 1946 eksamen ved skogbruksavdelinga på Noregs landbrukshøgskule. I 1944-45 var han troppsjef i Milorg i Larvik og områdesjef 1948-55 i heimevernet i Larvig.

Dyring var tilsett i Telemark tømmersalgslag og Lågendalen skogeierforening 1947-54 og i framhaldet Lågendalen skogeierforening 1954-60. Redaktør av Landbrukets årbok - skogbruk 1961-69 og fylkesskogsjef i Vestfold 1970-75.

Hausten 1963 var Dyring statssekretær i Landbruksdepartementet i den kortliva Lyng-regjeringa. To år seinare vart han vald til stortingsrepresentant frå Vestfold for Senterpartiet. På Tinget var han medlem i Skog-, vassdrags- og industrikomiteen 1965-67 og Industrikomiteen 1967-69. Etter attval i 1969 var han formann i Industrikomiteen dei neste fire sesjonane til han gjekk ut av Stortinget i 1973.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]