Teenage Dream av T. Rex

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Teenage Dream
Singel av Marc Bolan and T. Rex
B-side

«Satisfaction Pony»

Utgjeve 9. februar 1974
Innspelt August 1973, USA
Sjanger Glamrock
Lengd 5:48
Selskap EMI/T. Rex Wax Company (MARC 7)
Tekstforfattar Marc Bolan
Låtskrivar(ar) Marc Bolan
Produsent Tony Visconti/Marc Bolan
Marc Bolan and T. Rex-kronologi 
«Truck On (Tyke)»
(1973)
Teenage Dream «Light of Love»
(1974)


«Teenage Dream» er ein singel av Marc Bolan and T. Rex frå 1974 og albumet Zinc Alloy and the Hidden Riders of Tomorrow.

Bakgrunn og innspeling[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha gjeve ut plater under namnet 'T. Rex' sidan 1970, vart «Teenage Dream» den første som var tilskriven 'Marc Bolan and T. Rex'[1] «Teenage Dream» vart produsert av Tony Visconti og Bolan, og hadde med Lonnie Jordan frå Warpiano.[2] Han vart gjeven ut som singel i februar 1974 og låg fem veker på britiske Topp 40, der han nådde 13. plass.[3] Songen er av Allmusic skildra som «meir eller mindre ein mini-opera» med «høgtflygande strykarar, hylande gitarar, tårnande kor og ei kjensle av drama».[4] Bolan rekna «Teenage Dream» som den beste teksten han hadde skrive.[2] Han skreiv og spelte inn songen medan han var på turne i USA i august 1973.[2]

«Teenage Dream» vart nytta i filmen Scott Pilgrim vs. the World frå 2010.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen er òg spelt av Darryl Read og Marc Almond.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Strong, Martin C. (2003) The Great Indie Discography, Canongate, ISBN 1-84195-312-1, s. 112
  2. 2,0 2,1 2,2 Paytress, Mark (2002) Bolan: The Rise and Fall of a 20th Century Superstar, Omnibus Press, ISBN 978-0711992931, s. 262
  3. "Teenage Dream", Chart Stats, henta 30. mars 2011
  4. Thompson, Dave "Teenage Dream", Allmusic, henta 30. mars 2011
  5. Sinclair, David (2007) "Marc Bolan: the celebration", The Times, 17 September 2007, henta 30. mars 2011