Tegla Loroupe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tegla Loroupe


Statsborgarskap Kenya
Fødd 9. mai 1973 (50 år)
Kapsait
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992

Tegla Loroupe (fødd 9. mai 1973) er ein kenyansk tidlegare langdistanseløpar.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Loroupe enda i VM 1993 på fjerdeplassen på 10 000 meter, utan å truge medaljevinnarane. To år seinare tok ho bronsen på distansen under VM i Göteborg. Både i 1997, 1998 og 1999 vart ho verdsmeister i halvmaraton. I 1999 sikra ho seg ein ny VM-bronse på 10 000 meter og flytta samstundes den personlege rekorden til 30.32,0. Året etter vart ho nummer fem i milløpet ved OL 2000 i Sydney.

Perioden 1994-2004 sigra Loroupe i ei rad store maratonløp; New York, Rotterdam, Berlin, Roma, London, Lausanne, Köln og Leipzig. I april 1998 sletta ho den 13 år gamle verdsbestetida til Ingrid Kristiansen i maraton då ho vann Rotterdam maraton på tida 2.20.47, ei rekordtid som gjaldt i vel tre år.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]