Teige i Hyllestad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Teige
stad
Land  Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Kommune Hyllestad
Postnummer 6958 SØRBØVÅG[1]
Gardnummer 12[2][3]

Teige er ein matrikkelgard i Hyllestad kommune i Sogn og Fjordane fylke. Garden har matrikkelnummer 12.[2][3]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Teige ligg ved Teigevatn og grensar til Rutle, Teigenes, Bjørnestad og Trøsdalen.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Teige vart skild ut frå Rutle i gammal tid som fire teigar som vart gjevne til Øn kyrkje. Garden låg aude frå 1300-talet, og vart ikkje teken oppatt før utpå 1500-talet. Garden vart delt i to bruk kring 1650, og nabogarden Teigenes vart skilt ut som eigen gard i same perioden. Det ytste bruket vart fråflytt i 1952 og husa der er vekke.

Det har vore drive stampe og sagbruk i Teigeelva.[3]

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Namnet kjem av at området vart skilt ut frå Rutle som fire teigar i gammal tid, og gjeve til Øn kyrkje. I kjeldene er namnet skrive «Theighar» (DN. XII 232 c. 1490), «Theige» (1603), «Theyge» (1608), «Teige» (1667) og «Teige med Teigenes» (1723).[4]

Teige er brukt som stadnamn fleire andre stader i landet.

Statens kartverk godkjende skrivemåten «Teige» i 1986.[5]

Gardsnamnet vert også brukt som slektsnamn.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Postnummerkart på nettstaden til Posten».  Vitja 2. desember 2010
  2. 2,0 2,1 «Gardsleksikon på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv».  Vitja 2. desember 2010
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Inger Kellmer (1990). «Teige : Gnr. 12». I Finn Borgen Førsund. Hyllestad bygdebok : Soga om folket I. Hyllestad: Hyllestad kommune. s. 103. ISBN 8299219817. 
  4. «Oluf Rygh: «Teige» i Norske Gaardnavne». 
  5. «yr.no».  Vitja 2. desember 2010

Vidare lesnad[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]