Teikneserie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Teikneseriar er ei form for litteratur der historier som blir fortalde ved hjelp av ein serie bilete. Mange teikneseriar har òg tekst som hjelper til med å få fram handlinga. Me reknar gjerne teikneseriar med til media og underhaldningsindustrien, men ein del av dei blir òg rekna som kunst, og då gjerne klassifisert som den niande kunstarten.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein kan sjå døme på eldgamle teikneseriar i holemåleri frå steinalderen som mellom anna viser jaktscenar frå dagleglivet deira. Det er ofte lett å gjetta seg til handlinga sjølv om me ikkje veit nøyaktig kva skaparane tenkte. Fleire gamle sivilisasjonar fortalde òg historier ved hjelp av bilete, som i pyramideteikningane frå det gamle Egypt.

Teikneserieindustrien[endre | endre wikiteksten]

I moderne tid har ein fått teikneseriar som blir masseproduserte og gjeve ut på papir. Dei er populære blant barn og ungdom, men mange seriar blir òg lesne av vaksne. Teikneseriar har gjerne enkle strekteikningar, men kan òg vera svært kunstnerisk utførde.

Den moderne teikneserieproduksjonen kjem frå USA, som har gjeve verda både vitseseriar som Knøttene og Dilbert, og eventyrseriar som Donald Duck og Fantomet. Også europeiske land som Frankrike og Belgia har skapt fleire verdskjende seriar, som Asterix, Tintin og Lucky Luke. Japan har òg ein stor teikneserieproduksjon av såkalla manga, som nyleg er blitt svært populær i resten av verda. I Noreg deler Norsk Tegneserieforum ut Sproing-prisen til beste norske teikneserie, beste omsette serie og beste nykommar.

Levande teikneseriar[endre | endre wikiteksten]

Med utviklinga av filmen kunne ein òg laga teikningar som rørte på seg, og teiknefilmar blei ei populær form for underhaldning.

Teikneseriar og internett[endre | endre wikiteksten]

Med nettet er det kome ein ny kanal for publisering og form på teikneseriar. Det gjev moglegheit for å gå nye vegar i mediet. Mellom anna er det mogleg å lage seriar i flash og med lyd, som til dømes teikneserien Lizzy brukar.

Fleire seriar ligg gratis tilgjengeleg på nett. Desse får inntekta si igjennom vanleg sal, reklame på sida, donasjonar og nettbutikk. I tillegg til dei vanlege prisane innan dette faget, eksisterer det mange forsøk på rangere dei ulike seriane som er gratis tilgjengeleg. Buzzcomix, topwebcomics og wcca er slike forsøk.

Goblins Comic har valt ein uvanleg innteningsstrategi. Om ikkje ein viss sum med pengar vert donert over Paypal kvar veke, døyr ein av hovudfigurane. Til gjengjeld skriv teiknaren at det vert meir spektakulære sigrar for figuren, om berre donasjonane kjem kjapt nok inn. Per 12.11.2007varr det 3 858 amerikanske dollar som har kome inn i månaden før på denne trusselen.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Teikneserie