Teikneserien Blondie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Blondie er ein amerikansk teikneserie som fyrst kom ut i 1930, og opphavleg blei teikna og skriven av Chic Young. Blondie gjorde sin inntreden blant avisseriane 8. september 1930.[1] Han har vore populær i ei rekkje land, og er blitt trykt i over 2000 aviser i over 47 land, og omsett til 35 språk.

Då Chic Young døydde i 1973 blei serien overteken av dei to assistentane hans, Jim Raymond og sonen Dean Young. Dean hadde då assistert faren i meir enn ti år. I 1984 overtok Stan Drake teikninga av serien, og heldt det gåande fram til han døydde i 1997. Blondie blir i dag produsert av Denis Lebrun og Dean Young. Serien er blitt teikna av ei rekkje ulike teiknarar, som Alex Raymond, Jim Raymond, Paul Fung Jr., Mike Gersher, Stan Drake, Denis Lebrun, Jeff Parker og frå 2005 John Marshall.[2]

Hovudpersonane i serien er ekteparet Blondie og Dagobert Sørensen. Andre figurar som dukkar opp regelmessig i serien er barna til ekteparet, Babs og Putte, familiehunden Daisy, naboane Herbert og Fanny og den tyranniske og humørsjuke sjefen til Dagobert, Julius Dithers.

Det har skjedd ein del fornyingar i løpet i åra. Blondie var opphavleg ei ung flapper-jente som festa på dansestadar med kjærasten sin, den unge arvingen Dagobert. Paret blei gift i 1933, men Dagobert blei gjort arvelaus av foreldra sine, og blei nøydd til å tena til livsopphald sjølv.[3] Blondie blei husmor i ein forstad, og utvikla seg til å bli den fornuftige i ekteskapet. I 1991 skipa ho eit eige cateringfirma.

Blondie i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Blondie hadde den norske debuten sin i vekebladet Hjemmet på 1930-talet. Sidan 1941 har serien kome ut som julehefte kvart år (bortsett frå i 1944, grunna papirrasjonering).[4] Blondie hadde òg sitt eige serieblad i Noreg i to omgangar: først 1968 (6 nummer) og så i 1980-1988 (6-8 nummer årleg).[5] Serien gjekk òg i VG (som «Sørensens») og Aftenposten i fleire år.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Blondie». Don Markstein's Toonopedia. Henta 26. juli 2011. 
  2. Harvey, R.C. (September 13, 2012). «Hare Tonic: Chic's Blondie». The Comics Journal. 
  3. «Blondie». comicskingdom.com Comics Kingdom. Henta 20. juli 2019. 
  4. http://www.tegneseriearkivet.no/pls/htmldb/f?p=105:6:0:::RP,6:P6_SGID:139[daud lenkje]
  5. «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 8. desember 2015. Henta 1. desember 2015.