Tej

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tej

Tej (amharisk ጠጀ, uttalt ˈtʼədʒ) er ein honningvin, som mjød, som blir brygga og drukken i Etiopia og Eritrea. Han er rekna som nasjonaldrikk i Etiopia.[1] Tej har som regel eit alkoholinnjhald på mellom 7 og 11 %.[2] Han blir ofte laga heime, og har tre hovudingrediensar: Honning, vatn og ein medisinsk plant kalla gesho (Rhamnus prinoides).[3] Tej blir også selt kommersielt i fleire ulike former. Drikken blir typisk servert ved sosiale høve, som bryllaup og andre feiringar, eller ved religiøse høgtider som etiopisk nyttår/enkutatash.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. McGovern, Patrick E. (2009). Uncorking the Past : the Quest for Wine, Beer, and Other Alcoholic Beverages. Berkeley: University of California Press. ISBN 978-0-520-94468-8. OCLC 536166648. 
  2. Fekadu, Abebaw (2007). «The status of alcohol and drug abuse in Ethiopia: past, present and future» (PDF). African Journal of Drug and Alcohol Studies 6: 39–53. 
  3. 3,0 3,1 Dhyani, Anurag (2019). «Ethnobotanical knowledge and socioeconomic potential of honey wine in the Horn of Africa». Indian Journal of Traditional Knowledge 18: 299–303.