Tejufamilien
Tejufamilien | |
Ameivula ocellifera i delstaten São Paulo, Brasil | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Krypdyr Reptilia |
Overorden: | Lepidosauria |
Orden: | Skjelkrypdyr Squamata |
Overfamilie: | Lacertoidea |
Familie: | Tejufamilien Teiidae Gray, 1827 |
Tejufamilien (Teiidae) er ein familie av skjelkrypdyr som høyrer heime i Amerika. Tejufamilien er søstergruppa til dvergtejufamilien (Gymnopthalmidae). Tejuar inkluderer fleire partenogenetiske artar – artar som reproduserer ved kloning. Per år 2025 kjenner ein til omtrent 150 artar fordelte på atten slekter i familien.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Tejuar kan skiljast frå andre øgler ved følgjande kjenneteikn: store rektangulære skjel som dannar tydelege tverrgåande rader på undersida,[1] og generelt små granulære skjel på oversida, skjel på hovudet som er åtskilt frå hovudskallebeina, og tenner som er solide ved basen og «limt» til kjevebeina. I tillegg har alle tejuar ei gaffelforma, slangeaktig tunge. Dei har også velutvikla lemmer.
Tejuar er alle terrestriske (nokre få er semi-akvatiske) og dagaktive, og dei er primært kjøtetarar eller et insekt. Dei fleste tejuar søkjer aktivt etter mat innanfor sitt ideelle temperaturområde og rører seg raskt mellom gøymestader. Nokre av dei inkluderer ei lita mengd plantemateriale i kosthaldet. Dei er eggleggende, ovipare, og nokre artar legg svært store kull.[1]
Fleire artar av tejuar er heilt holege, og det finst ingen kjende hannar.[2]
Raud teju (Salvator rufescens) på opptil 1,4 meter er truleg ein av dei største artane. Kaimanøgle (Dracaena guianensis), som lever i nordlege Sør-Amerika, kan måle over 1,2 meter i kroppslengd og er også nemnt som ein av dei store artane.[3]
Utbreiingsområdet er frå det meste av USA i nord, (ikkje grensestatane mot Canada) sørover Karibia og Mellom-Amerika og til det meste av Sør-Amerika. Ein finn tejuar i alle land i Sør-Amerika. Det største mangfaldet er i dei tropiske områda av Sør-Amerika.[4]
Denne gruppa som er avgrensa til Amerika representerer ein konvergent evolusjon til dei liknande firfisler i den «den gamle verda».
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen er byggjer på «Teiidae» frå Wikipedia på engelsk, den 4. januar 2025
- ↑ 1,0 1,1 Bauer, Aaron M. (1998). Cogger, H.G.; Zweifel, R.G., red. Encyclopedia of Reptiles and Amphibians. San Diego: Academic Press. s. 170–171. ISBN 978-0-12-178560-4.
- ↑ American Association for the Advancement of Science – All-Female Species of the Lizard Genus Cnemidophorus, Teiidae
- ↑ Schmidt, Karl P. (1966). Krypdyr. Oslo: Studieforlaget. s. 140–144.
- ↑ Midtgaard, Rune. «RepFocus - A Survey of the Reptiles of the World.». (www.repfocus.dk). Henta 4. januar 2025.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (en) Tejuer – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) Tejuer i Encyclopedia of Life
- (en) Tejuer i Global Biodiversity Information Facility
- (en) Tejuer hos Fossilworks
- (en) Tejuer hos ITIS
- (en) Tejuer hos NCBI
- (en) Kategori:Teiidae – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Teiidae – detaljert informasjon på Wikispecies