Tekna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Tekna (Teknisk-naturvitenskapelig forening) er Noregs største akademikarforening oppretta i 2004. Foreininga er ei vidareføring av «Den norske ingeniør- og arkitektforening» stifta i 1874.

Foreininga har over 52 000 medlemmer (1. oktober 2009) med hovudfags-, mastergrads- eller sivilingeniørutdanning innan naturvitskap eller teknologi. «Tekna» er tilslutta «Akademikerne». Foreininga har om lag 8 500 studentmedlemmer, og har i dei seinare åra hatt ein kraftig medlemsvekst. Tekna har 35 lokalavdelingar over heile landet, og 21 tilknytte tekniske foreiningar.

Foreiningas øvste organ er Representantskapet som møtest anna kvart år. Hovudstyret, som møtest 8-10 gonger i året, har ansvaret for den daglege politiske verksemda.

Generalsekretariatet har hovudkontor i Oslo og ti distriktskontor og arbeider med å sette politiske vedtak ut i livet og støttar medlemmene i mellom anna juridiske spørsmål.

Tekna gir ut Magasinet Tekna, og er medeigar i Teknisk Ukeblad Media, som gir ut Teknisk Ukeblad. Teknas øvste tillitsvalde er president Marianne Harg.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1874 vart «Den norske ingeniør- og arkitektforening» stifta. Foreininga skifta i 1912 namn til «Den Norske Ingeniørforening», og i 1973 til «Norske Sivilingeniørers Forening» (men hadde forkortinga «NIF»). Dagens namn «Tekna - Teknisk-naturvitenskapelig forening» kom i 2004.
Dette gjer Tekna til ei av dei eldste organisasjonane i norsk arbeidsliv.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]