Tekniske og allmenne fag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Tekniske og almenne fag (TAF) er eit vidaregåande skuletilbod der elevane får både spesiell studiekompetanse og eit fagbrev på 4 år. Opplæringa på TAF skjer i samarbeid mellom den vidaregåande skulen og lokalt næringsliv. TAF vart oppretta i samband med Reform 94.

Den teoretiske opplæringa går føre seg ved ein av skulane som tilbyr TAF-programemt. Den praktiske opplæringa skjer ved ei av verksemdene skulen samarbeider med.

Elevane vert rekrutterte direkte frå 10. klasse i ungdomsskulen, i samband med opptaket til vidaregåande skule. Dei inngår avtale med ei bedrift om å fullføre løpet fram til fagbrev og studiekompetanse. Dei fyrste to åra får elevane løn for arbeidstida. Dei to siste åra får lærlingane løn heile veka, også når dei er på skulen. Løna som vert utbetalt, tilsvarer løna til ein lærling. Om elevane ynskjer det, kan dei etter to år gå ut av TAF-programmet og gå inn på ein vanleg lærekontrakt.

Føremålet med TAF er å rekruttere «skuleflinke» ungdomar inn i industrien og helsesektoren. Utdanninga er særleg retta mot ungdom som vil verta ingeniørar eller sivilingeniør. Helse-og sosiallina dekkjer krava for å studera medisin.

Knarvik vidaregåande skule var den første skulen der TAF vart prøvd ut. Det skjedde i 1992, i studieretninga mekaniske fag. Seinare har fleire andre skular tilbydd TAF.

For å vera kvalifisert til å søkja på TAF, må ein ha karakteren 4 eller høgare i matematikk og naturfag frå ungdomsskulen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]