Tektitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein tektitt
Moldavitt, ein type tektitt.

Tektitt (gresk τηκτός tēktos, «smelta», «flytande») er naturlege førekomstar av svart, brunt, grått eller grønt glas, opp til nokre centimeter i storleik. Dei fleste forskarar trur at dei er danna av store meteorittnedslagjordskorpa. Tektittar høyrer til dei tørraste bergartane som finst, med eit vassinnhald på i snitt 0,005 %. Dette er veldig uvanleg, sidan de fleste, om ikkje alle krater der tektittar er oppdaga, låg under vatn før nedslaget. Dessuten har delvis smelta zirkonar blitt oppdaga nær tektittar. Dette tyder på at tektittane vert danna ved høg temperatur og trykk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]