Tel Katzir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°42′20.88″N 35°37′4.8″E
Tel Katzir
kibbutz
Tel Katsir Israel.jpg
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Genesaretsjøen
Distrikt Nord distrikt
Kommune Emek HaYarden
Koordinatar 32°42′20.88″N 35°37′4.8″E
Grunnlagd 1949
 - Grunnlagd av Hebraiske speidarar
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Tel Katzir

Tel Katzir (hebraisk תֵּל קָצִיר, tyder Grødeåsen) er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg sør for Genesaretsjøen og høyrer til Emek HaYarden regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 202.

Landsbyen vart grunnlagd i 1949 av hebraiske speidarar og ein kvutza av ungdomar frå kibbutzen Afikim. Namnet kom frå det arabiske namnet for området, Tel al-Qasr, og symboliserer jordbruk. Statsministeren David Ben-Gurion nekta å godkjenne namnet, og insisterte på at han skulle kallast Beit Katzir fordi det ikkje var ein verkeleg tell. Men etter at sekretariatet i kibbutzen synte til at Tel Aviv heller ikkje var ein verkeleg tell, og at Ramat Gan, som tyder Hagehøgdene, ikkje hadde høgder, vart det føreslått namnet deira til slutt godkjend.

Kibbutzen vart grunnlagd på landområde som hadde høyrt til den palestinske landsbyen Samakh, som vart avfolka i 1948.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Khalidi, 1992, s.538