Telarc International Corporation

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Telarc International Corporation
Telarc.png
Skipa1977
HovudkontorCleveland Sjå dette på Wikidata

Telarc International Corporation er eit amerikansk plateselskap frå Cleveland i Ohio. Det blei skipa i 1977 av dei to musikarane og tidlegare musikklærarane Jack Renner og Robert Woods. Frå byrjinga var det eit plateselskap fokusert på klassisk musikk. Plateselskapet har hatt eit langt samarbeid med mellom anna Cincinnati Symphony Orchestra og Cleveland Orchestra, men òg Atlanta Symphony Orchestra og St. Louis Symphony Orchestra. Telarc har også gjeve ut andre typar musikk, som jazz, blues og country.

I 2005 blei Telarc og platemerket Heads Up kjøpt opp av Concord Records. Begge merka fortsette som delvis sjølvstyrte delar av Concord Music Group.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nicholas Wapshott (9. februar 2009). «Business & Financial News, Breaking US & International News | Reuters.com». Today.reuters.com. Arkivert frå originalen 2006-01-29. Henta 11. august 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Telarc International Corporation