Telegrafbygningen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 60°23′32.010″N 5°19′32.628″E

Telegrafbygningen
Telegrafen.JPG
Offisielt namn Telegrafen
Kallenamn Telegrafbygningen
Stad Bergen i Hordaland i Noreg
Adresse Starvhusgaten 4
5014 Bergen

Telegrafbygningen eller Telegrafen er ein bygning i Bergen.

Gateadressa er Starvhusgaten 4. Bygget ligg sentralt i Bergen med hovudfasaden vendt mot Byparken terminal, Byparken, musikkpaviljongen og Vestlandske kunstindustrimuseum. Bygningen vart teikna etter Bergensbrannen i 1916 av Finn Berner og Anton Kielland, bror til den meir kjende arkitekten Jens Zetlitz Monrad Kielland, og stod ferdig i 1927. Bygget inneheldt opphavleg Rikstelegraf og telefon.

I dag er fyrste etasje bygd om til kjøpesentret Telegrafen. Dei tre øvste etasjane inneheld kontor. Konkurransetilsynet er ein av leigetakarane. Fasadane til bygget er prega av klinkerbrent teglstein med svarte fuger og kvit marmordetaljering ved vindauge, dører og gesims. For dette nyklassisistiske praktverket fekk arkitektane Houens fonds diplom i 1929. Telegrafbygningen er freda av Riksantikvaren.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]