Telegram Sam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Telegram Sam
Singel av T. Rex
frå albumet The Slider
B-side «Cadilac» / «Baby Strange»
Utgjeve 1972
Innspelt 1971
Sjanger Glamrock, protopunk
Lengd 3:45
Selskap Fly (UK); Reprise (US)
Låtskrivar(ar) Marc Bolan
Produsent Tony Visconti
T. Rex-kronologi
«Jeepster»
(1971)
Telegram Sam «Metal Guru»
(1972)


Telegram Sam var den tredje førsteplassen til den britiske rockegruppa T. Rex. Songen vart opphavleg gjeven ut på albumet The Slider i 1972.

Han er kanskje mest kjend for å ha innført uttrykket «main man» i populærkulturen[1], og låg på førsteplassen i to veker.[2].

Teksten nemner fleire personar som Bobby, Golden Nose Slim, Jungle Faced Jake og Purple Pie Pete. Han inneheld òg tekstlinjene som Marc Bolan skreiv om seg sjølv: Me I funk/but I don't care/I ain't no square/with my corkscrew hair, ei linje som industrirockbandet KMFDM lånte for songen deira «Me I Funk». Riffet har ein liknande karakter som den massive hitten frå året før, «Get It On». «Telegram Sam» gjorde det ikkje like bra andre stander som «Get It On», og nådde til dømes berre 67. plass på Billboard Hot 100 i USA.

«Telegram Sam» var den første singelen som vart gjeven på Marc Bolan sitt eige T.Rex Wax Co., og kom ut 21. januar 1972. B-sida til singelen var «Cadilac».

«Telegram Sam» vart skriven av Bolan om revisoren Sam Alder, som sende Bolan, via telegram, melding om at «Get It On» hadde nådd førsteplassen i Storbritannia. Alder arbeidde òg med King Crimson og Roxy Music (særleg Bryan Ferry).

I 1980 vart songen spelt inn av gothrockbandet Bauhaus, som gav han ut på singel.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Illegal chart entered West Tyskland|4
Liste (1972) Plassering
Australia (Go-Set Top 40)[3] 20
Kanadiske RPM Top Singles[4] 66
France (SNEP)[5] 27
Irish Singles Chart[6] 1
Nederland (Mega Single Top 100)[7] 26
Noreg (VG-lista)[8] 6
Sveits (Schweizer Hitparade)[9] 4
UK (Official Charts Company)[10] 1
US Billboard Hot 100[11] 67

Liste (1982) Plassering
New Zealand (RIANZ)[12] 35
UK (Official Charts Company)[10] 69

Bauhaus-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Telegram Sam
Singel av Bauhaus
Utgjeve 1. desember 1980
Sjanger Post-punk
Lengd 2:08
Selskap 4AD
Låtskrivar(ar) Marc Bolan
Bauhaus-kronologi
«Terror Couple Kill Colonel»
(1980)
Telegram Sam «Kick in the Eye»
(1981)


Ein versjon av «Telegram Sam» var den fjerde singelen til det britiske gothic rock-bandet Bauhaus. Han kom ut på 7" og 12", der sistnemnde hadde ein versjon av John Cale sin «Rosegarden Funeral of Sores» som ekstra spor. B-sida var elles songen «Crowds».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Telegram Sam» frå Wikipedia på engelsk, den 30. mars 2011.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
  1. songfacts.com, entries for T.Rex song "Telegram Sam"
  2. chartstats.com, UK single chart performance for T.Rex song "Telegram Sam"
  3. «Telegram Sam in Australian Chart». Poparchives.com.au. Henta 16. juli 2021. 
  4. «Telegram Sam in Canadian Top Singles Chart». Library and Archives Canada. Henta 16. juli 2021. 
  5. «Telegram Sam in French Chart» (på French). Dominic DURAND / InfoDisc. 16. juli 2021. Arkivert frå originalen 19. mars 2005. Henta 16. juli 2021.  You have to use the index at the top of the page and search «T. Rex»
  6. «Telegram Sam in Irish Chart». IRMA. Henta 16. juli 2021.  Only one result when searching «Telegram Sam»
  7. "Dutchcharts.nl – T. Rex – Telegram Sam" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
  8. "Norwegiancharts.com – T. Rex – Telegram Sam". VG-lista. Hung Medien.
  9. "T. Rex – Telegram Sam – swisscharts.com". Den svetisiske singellista. Hung Medien.
  10. 10,0 10,1 «T. Rex». Official Charts Company. Henta 16. juli 2021. 
  11. «The Slider awards on Allmusic». Allmusic. Rovi Corporation. Henta 16. juli 2021. 
  12. "Charts.org.nz – T. Rex – Telegram Sam". Top 40 Singles. Hung Medien.