Hopp til innhald

Telemark Bilruter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Telemark Bilruter

Org.formAksjeselskap
Org.nr.924099658
BransjeKollektivtransport, logistikk
Skipa8. juni 1972
Forgjengar(ar)Vest-Telemark Billag, Fyresdal-Vrådal-Nissedal Billag, Seljords Automobillag, Reinums Bilruter, Grenland Nord Trafikkselskap, Birtedalen Rutebil
DotterselskapAgder Buss, Telemark Bilruter Buss, Telemark Godslinjer, Telemark Transportservice
HovudkontorSeljord kommune
LandNoreg
TenesterTelemarkekspressen, Haukeliekspressen
Adm.dir.Olav Hovelsrud, Kjell Gunnar Heggenes, Svein Olav Straand
Nettstadhttps://telemarkbilruter.no/

Telemark Bilruter er eit norsk busselskap med eit omfattande rutenett i vestre del av Telemark med Seljord som hovudbase. Selskapet har oppstått ved at diverse mindre selskap er slegne saman.

Telemark Bilruter er ei vidareføring av Vest-Telemark Bilruter (VTB). Dette selskapet vart oppretta i 1972 etter fusjon av Fyresdal-Vrådal-Nissedal Billag, Seljord Billag og Vest-Telemark Billag. På slutten av 1990-talet kjøpte selskapet opp transportverksemder i Skien - området og trafikken Bø - Skien vart monaleg utvida. Dette førte også til at namnet vart endra til Telemark Bilruter.

Hovudaktivitetane til Telemark Bilruter kan delast i tre, og kvar står for omtrent 1/3 av inntektene til selskapet:

  • Ekspressbussruter: Grenlandekspressen, Haukeliekspressen og Telemarkekspressen. Haukeliekspressen vert køyrd i samarbeid med Tide Buss, medan dei to andre rutene vert køyrd i samarbeid med Nettbuss. Alle rutene inngår i NOR-WAY Bussekspress.
  • Godstrafikk: Det meste av transport går med vogntog, og mykje av trafikken er køyring for Schenker (tidlegare Linjegods).
  • Lokalruter: I dag fyrst og fremst i Vest-Telemark. Rutetrafikken i Grenland er teke over av Telemark Kollektivtafikk som selskapet eig saman med Nettbuss.

Selskapet driv mellom anna kombinert buss- og godsrute mellom Arendal i Aust-Agder og Seljord.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Telemark Bilruter