Telemark bataljon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Telemark bataljon
Land Noreg
Aktiv1993[1]–no
Grein Hæren
Type Bataljon
Rolle
  • Mekanisert infanteri
  • kavaleri
Storleik450 soldatar[2]
av desse 200 offiserar
Del av Brigade Nord
Garnison/HKRena leir
KallenamnTMBN

Telemark bataljon (TMBN) er ein av tre manøverbataljonar i Brigade Nord. Bataljonen er stort sett organisert og oppbygd på same måte som Panserbataljonen. Bataljonen vart oppretta i 1993, og er dimed den yngste avdelinga i Brigaden. TMBN utgjer kjerna i Hærens Hurtige Reaksjonsstyrke, som er Brigade Nord sin spydspiss med NATO-beredskap. Til skilnad frå dei andre bataljonane i Hæren, som består i hovudsak av vernepliktig personell, er Telemark bataljon ei heilprofesjonell avdeling.[3]

Våren 2014 deltok delar av Telemark bataljon saman med 2. bataljon på ei øving i Latvia, der fokuset låg på infanteritrening og urban krigføring. Telemark bataljon er i dag eit av hovudelementa i NATOs hurtige reaksjonsstyrke (NRF), og fortsette difor treninga si i Latvia november 2014.[4] Målet var å nå eit godt med tanke på bataljonen si sentrale rolle i NRF. På heimebane trener avdelinga som oftast med dragonar frå Kampeskadronen.

Tilsette bruker smaragdgrøne beretar. Bataljonen held til på Rena leir i Østerdalen i Åmot kommune.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Bilete frå gamle Heistadmoen militærleir.

Telemark bataljon er ei hæravdeling med kort historie, men namnet «Telemark» strekkjer seg heilt tilbake til 9. januar 1789, då Telemark infanteriregiment nr. 3 (IR3) vart stifta. Regimentet bestod av to bataljonar, sett saman av to grenaderkompani og tolv kompani frå 1. vesterlendske infanteriregiment (IR1) og 2. smålendske regiment. 22. februar 1810 vart regimentet omorganisert, og fekk overføringar frå 2. Akershusiske infanteriregiment (IR2). Telemark infateriregimentet bestod då av tre bataljonar med seks kompani i kvar. IR3 hadde ikkje lang levetid; under hærplanen av 1817 vart det nedlagt. Ved hærordninga av 1909 vart Telemark infanteriregiment (IR3) gjenoppretta med Seljord, Grenland og Numedal bataljonar. Under den andre verdskrigen gjennomførte IR3 operasjonar mot Tysklands invasjon i april 1940, som i hovudsak bestod i å sprenga bruer ved Kongsberg og oppover Lågen. Dette var for å forhindra Wehrmacht i å ta seg innover Numedal.[5]

Administrativt sett er Telemark bataljon ei vidareføring av Infanteribataljon nr. 3 som var forlagt ved Åsegarden leir i Harstad.[6] Mellom 1958 og 1994 utgjorde Infanteribataljon nr. 3 manøverleddet i Brigaden i Nord-Norge saman med Infanteribataljon nr. 1 og Infanteribataljon nr. 2. I 1994 vart bataljonen lagt ned, etter eit stortingsvedtak frå 1992. Telemark bataljon vart oppretta ved eit stortingsvedtak 18. juni 1993, først som eit norsk bidrag til NATOs reaksjons- og utrykningsstyrke.[7] Bataljonen var stasjonert på Heistadmoen leir i Kongsberg kommune.[8] Avdelinga opptredde for første gong som samla, men ikkje som fulltallig bataljon, under øvelsen Strong Resolve i 1995, saman med brannkorpset til NATO.[9] Vernepliktig personell utgjorde Telemark bataljon inntil Stortinget vedtok nye rammer for avdelinga 13. juni 2001.[7] Desse nye rammene kom etter krav frå Stortinget, som ønskte om å etablera ein hurtig reaksjonsstyrke (HRS) i Forsvaret innsatsstyrke-Hær (FIST-H), kor Telemark Bataljon skulle vera grunnmuren.[10] Dette var i tråd med endringar i NATO, som under toppmøtet i Praha i 2002 vedtok å etablera NATO Responce Force (NRF). Avdelinga vart reetablert som ein mekanisert infanteribataljon med verva personell som fundament.[10] Omorganiseringa vart avslutta i juli 2003, då var Heistadmoen leir nedlagt og Telemark bataljon flytta til Rena leir.

Soldatar frå TMBN/SFOR i Bosnia i 1998.

Då bataljonen vart reetablert som ein profesjonell avdeling, var rekruttering ein viktig suksessfaktor. Difor vart det lagt stor vekt på korleis bataljonen framstod. Som første militære avdeling, fekk Telemark bataljon tildelt merke for god design av Nordisk Designråd i 2002.[10] Oberstløytnant Rune Jakobsen vart første bataljonssjef etter omorganiseringa.

Operasjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Telemark bataljon har delteke i mange ulike internasjonale militære operasjonar i forhold til andre bataljonar i Brigade Nord. Avdelinga sitt første internasjonale oppdrag var i 1997: Bataljonen stilte med eitt kompani til Stabilization Force (SFOR) i Sarajevo i Bosnia-Hercegovina. Kompaniet deltok frå januar 1997 til juli 1999.[10] Men første oppdrag som eit samla bataljonsforband var til Kosovo Force (KFOR) i Pristina i Kosovo, frå oktober 1999 til april 2000. Dei deltok i KFOR att i juni 2001 til januar 2002.
  • Bataljonen stod ferdig reetablert i 2003, og vart deployert til Irak. Der bidrog TMBN i eit samvirkesystem med TES, eit mekanisert ingeniørkompani.
  • Frå oktober 2003 stilte TMBN ei rekke bidrag til International Security Assistance Force in Afghanistan (ISAF); først med eit kompani i Kabul til 2006.[10]
  • Frå 2006 til i dag har avdelinga bidrege samanhengande til ein internasjonal hurtig reaksjonsstyrke i Mazar-e-Sharif og Provincial Reconstruction Team (PRT) i Meymaneh, begge nord i landet.[10] I mai 2008 deltok TMBN i Operasjon Karez.

Kontroversar[endre | endre wikiteksten]

Ei stormpanservogn har køyrt på ein IED som tok livet av Claes «Jokke» Olsson. Dei to andre som sat i vogna vart lettare skada.[11]

Hovudskalle[endre | endre wikiteksten]

Norsk media rapporterte at frå sommaren 2009 hadde soldatar frå Telemark bataljon spraya hovudskallar på veggar og hus i Afghanistan. Det er grunn til å tru at denne hovudskallen skulle representera The Punisher, ein teikneseriefigur. Denne figuren er kjent under mottoet «Når i tvil, slå hardt tilbake».[12] Ifylgje VG spraya soldatane på husa til afghanarar som ein antok hadde tilknyting til Taliban.[13] Ein del norske soldatar bar òg hovudskallen som emblem på aksla på uniforma. Fleire offiserar uttalte at intensjonen var å «sende en beskjed» til opprørsleiarar i området om kven som bestemte.[12] Alf Petter Hagesæther, feltprest i Hæren, meinte at «det har utviklet seg en bekymringsfull subkultur som bryter med Forsvarets verdigrunnlag i deler av [bataljonen]».[12][14]

Hovudskallen dukka opp att etter ei tragisk hending 25. januar 2010, då ei stormpanservogn CV9030N køyrte på ein improvisert vegbombe (IED) fire kilometer søraust for Ghowrmach-provinsen nord i Afghanistan.[15] Hendinga enda med at soldaten Claes Joachim Olsson mista livet.[11][16] Taliban tok på seg skulda oktober året etter for drapet på Olsson.[17] Dette førte til at skulderemblemet med hovudskallen fekk påskrifta «Jokke, we will never forget», for å heidra Olsson. Hagesæther uttalte at symbolet gav assosiasjonar til søramerikanske dødsskvadroner, og det gir uttrykk for hemn.[18] I ei lukka minnestund for «Jokke» Olsson skal ein offiser frå Telemark bataljon visstnok ha hamra på den flagdraperte kista og uttrykt ønske om hemn.[12] Soldatar frå Mekanisert infanterikompani 4 tok i bruk hovudskallen som eit uoffisielt avdelingsmerke. Hagesæther uttrykte negativitet til denne ukulturen, og sendte difor ei bekymringsmedling til generalinspektøren for Hæren og Forsvarssjefen. Leiinga i Forsvaret la tidleg hausten 2009 ned totalforbud mot bruken av hovudskallen på uniforma. Likevel var dette eit forbod fleire av offiserane openlyst ignorerte.[12]

Stormpanservogn av typen CV9030N i Afghanistan. Telemark bataljon har vore i landet sidan 2008.

Krigsrop[endre | endre wikiteksten]

Telemark bataljon har også vorte kritisert for kaldsindige krigsrop, der ein tydeleg kan trekkja parallellar til dyriske tilstandar[19] og norrøn åsatru.[20] I 2008, i Ghowrmach-provinsen nord i Afghanistan, skal ein kompanisjef i Telemark bataljon førebudd soldatane med å ropa «Dere er rovdyret, Taliban er byttet. Til Vallhall!».[19] Offiseren som heidra Olsson ved grava hans, skal visstnok ha ropt «Vallhall!» fleire gongar etter talen hans. Fleire skal ha sendt bekymringsmeldingar om bruken av ropa «Til Vallhall!», og den vide bruken av norrøne symbol i avdelinga.[20] Soldatar sjølv har forsvart bruken av norrøne og dyriske kamprop; det er ein måte å takla den harde realiteten i dei møter i strid. Mange opplever det som motivasjon.[19] Kampropet «Til Vallhall!» er innarbeid som eit fast slagord i MEK4 når dei er ute på oppdrag.[18] Christian Bugge Hjort, styreleiar i Oslo Forsvarsforening har derimot uttrykt bekymring for denne bruken, mellom anna fordi det kan knytast til nynazisme.[19] Feltprestar har òg vist bekymring til slagorda og kampropa i avdelinga, men bataljonssjef Lars Levik har avvist at det ligg nazistiske haldningar bak bruken av dei norrøne symbola.[18]

Krig og sex[endre | endre wikiteksten]

Saka om at soldatar meinte at «krig er betre enn sex» fekk svært mykje omtale i media. Utsegna dukka opp først i magasinet Alfa, då ein soldat sa at det å vera i kamp er betre enn sex.[21] Soldatane uttrykte òg ønske om å hemna seg over falne medsoldatar, haldningar til menneskeverdet generalinspektør for Hæren, Per Sverre Opedal ikkje stilte seg bak. Oberstløyntnant Lars Lervik, bataljonsjef for Telemark bataljon, tok òg avstand frå utsegnene til soldatane, og uttrykte bekymring om soldatane sitt menneskesyn.[22] Likevel meinte mange at utanforståande måtte visa større forståing på kvifor soldatar kunne seia slikt. Anders Ulstein viste til at soldatar på generell basis beskytta seg gjennom eit meir herda språk.[23] Den sterke ordbruken kunne også ha oppstått som ein reaksjon på ein traumatisk hending, der soldatane hadde ei såkalla «nær døden»-oppleving.

Organisasjon[endre | endre wikiteksten]

Soldatar frå Kavalerieskadron 2 i stridskontakt i Afghanistan.

Telemark bataljon består av fem eskadronar og ein bataljonstab.

Bataljonstab[endre | endre wikiteksten]

Stridsvogneskadron 1[endre | endre wikiteksten]

Den første eskadronen, ESK1, er primæreskadronen. Eskadronen består personell som er oppsatt på stridsvogn Leopard 2, og ein stab, som er oppsatt på panservogn M113. Eskadronen er bataljonen sitt mest slagkraftige våpen i ein stridssituasjon. I tillegg trener soldatane for å kunne operera til fots i urbane strok.[2]

Kavalerieskadron 2[endre | endre wikiteksten]

Eskadronen også under forkortingane ESK2 og Kavesk, og er ein oppklaringsavdeling. Eskadronen skal henta informasjon og ta ut fiendtlige nøkkelressursar foran eigne fremste linjer.[2] Kavalerieskadronar av lik karakter finn ein òg i Panserbataljonen og 2. bataljon. ESK1 består av to troppar: Ein pansra oppklaringstropp og ein skarpskyttartropp. Skarpskyttartroppen opererer i det skjulte og kan ta ut viktige mål i fremste linje. Skarpskyttarane kan òg operera i urbant terreng (SIBO), og gje ild frå lange hald.[24] Troppen kan nytta seg av fjernstyrte dronar (MUAS) for å ta oversynsbilete av fienden. Oppklaringstroppen er utstyrt med stormpanservogner med infanteri, og er ofte dei første som kjem i stridskontakt.[2]

Mekanisert infanterikompani 3[endre | endre wikiteksten]

Rolla MEK3 er å støtta stridsvognene med stormpanservogner CV9030N med mekaniserte infanterilag. Kompaniet består av ein fotstyrke, oppsatt på stormpanservogna CV9030N, som vert betjent av eit mannskap på tre mann: vognkommandør, skyttar og vognførar. MEK3 kan samanliknast med ein stormeskadron. Fotlaga på åtte mann skal løysa oppdrag til fots i nærleiken til vogna, eller i terreng der ein ikkje får utnytta vogna åleine.[2] I tillegg kan dei setjast inn til fots, med helikopter eller båt for å løysa sjølvstendige oppdrag.[25] Stormsoldatane er utstyrt med semi-automatiske rifler, maskingevær, lette granatkastarar og panserøydeleggjande våpen.

Mekanisert infanterikompani 4[endre | endre wikiteksten]

MEK4 har lik rolle som MEK3. Kompaniet består av to troppar med mekanisert infanteri oppsatt til fots eller stormpanservogner, CV9030N. Stormsoldatane i begge infanterikompania kan òg utføra sjølvstendige oppdrag utan støtte frå stormpanservognene. Rydde skyttegraver, innsetjing med helikopter eller strid i urbant terreng er døme på dette.

Kampstøtteeskadron 5[endre | endre wikiteksten]

Den femte eskadronen, ESK5, er den største og mest komplekse eskadronen. ESK5 består av ulike troppar med kapasitet innafor bombekast, samband, sanitet, reperasjon, logistikk, forsyning og redning. ESK5 er bataljonens støtteressurs.[2] Dei har ein sambandstropp, ein pansra sanitetstropp og ein stridstrentropp. I tillegg har ESK5 kapasitetar innan bombekast. Under større operasjonar er bataljonen ofte avhengig av meir støtteressursar enn ESK5 kan levera. Andre støttebataljonar i Brigade Nord vil då bidra i eit såkalla samvirkesystem.

Hurtig reaksjonsstyrke[endre | endre wikiteksten]

Telemark skal operera som den fremste reaksjonsstyrken i Hæren, saman med Panserbataljonen. I 2013 og 2014 har Hæren hatt andre øvelsar enn dei plar. I november 2013 testa Telemark bataljon sin beredskap i Sør-Noreg. Telemark bataljon stilte, som ein del av Brigade Nord, med personell og vogner på øvelse Vestland (FOA 4) 11. november 2013. Brigadens samvirkesystem bestod av delar av 2. bataljon og Stridstrenbataljonen, 68 militærpoliti-soldatar og Telemark bataljon.[26] Soldatar, feltvogner, stridsvogner og stormpanservogner vart frakta med Sjøforsvaret sine fregattar til Bergen.[27] I tillegg var private aktørar med på å frakta utstyret, blant anna Britannia Seaways. Eit av dei store transportskipa til selskapet byrja å brenna under transporten. Forsvarets Logistikkorganisasjon (FLO) klarte å erstatta det meste av det øydelagde utstyret.[26] Store materiell- og personellforflyttingar og trening på tvers av forsvarsgreinene var i fokus.[28] Forsvaret øvde seg på å mobilisera alle forsvarsgreinene i saman, ikkje berre separat. Formålet var å øva på redusera reaksjonstid i viktige militære element, der Telemark bataljon var hovudaktør.[26][29] Dette var den største militære øvelsen i Hordaland sidan øvelse Bjørgvin i 1987.[27] Av di det vart nytta sivile aktørar har folk i ettertid stilt seg kritisk til Forsvaret og sjølve øvelse FOA 4.[29] Øvelsen tok plass i det vanskelege terrenget på Sotra.[26]

Telemark bataljon har i samband med NATO også vore på øvelse i Tyskland: Hærstyrkar frå Slovenia, Tsjekkia og USA har saman med TMBN og tyske soldatar delteke i fiktiv krig i det amerikanske øvingsfeltet Joint Multinational Readiness Centre. TMBN stilte med ein blanda eskadron på til saman 150 soldatar. Dei hadde blant anna med seg ti stridsvogner av typen Leopard 2 og fem CV90 stormpanservogner, frakta med tog, båt og lastebil frå Rena, på same tid som materiell vart frakta til øvelsen på Vestlandet,
FOA 4.[30]

Hausten 2014 deltok Telemark bataljon på ei internasjonal øving kalla Silver Arrow i Latvia. Mekanisert infanterikompani 3 stilte med stormpanservogner saman med andre NATO-land.[31][32] Samvirkesystemet til bataljonen bestod av nesten 200 soldatar, som vil verta verande i landet i to månadar.[33][34] Formålet var å operera med Noregs NATO-allierte i aust, som aukar kompetansen på alliert samvirke, uttalte major Seppola i Telemark bataljon.[35] Latvia og andre land i aust har uttalt at dei opplever Russland som truande, og difor kravd ei markant styrking av alliansens austre flanke. Telemark bataljon, som ein del av NATOs reaksjonsstyrke, trengde å øva på ein krigssituasjon i Baltikum, sa forsvarsminister Ine Marie Eriksen Søreide.[34] I oktober arrangerte landa ein militærparade i Riga med panser- og artillerivogner. Forsvarsjef Bruun-Hanssen sa at militærparaden er ei melding til Russland: Eit klart signal på at NATO står saman og er villige til å forsvara kvarandre.[35]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Hæren». Store Norske Leksikon. 2011. Henta 1. oktober 2017. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 «Telemark bataljon». Forsvaret. Henta 3. desember 2014. 
  3. Clausen, Einar Holst (2013), «Stor-øvelse i Hæren» (PDF), Offisersbladet (nr. 3), s. side 14, henta 29. desember 2014 
  4. Clausen, Einar Holst (2014), «En mekanisert kompanistridsgruppe fra Telemark Bataljon deltar på en NATO-øvelse i Latvia i høst» (PDF), Offisersbladet (nr. 6), s. side 48, henta 4. desember 2014 
  5. Johnsen, J. (1956). Operasjonene ved Telemark infanteriregiment nr. 3 og Kongsberg luftvern (1 utg.). Oslo: Gyldendal Norsk Forlag. s. 18–60. 
  6. Vang, Viggo, red. (1983). BN 3 / BRIG N. 25 års jubileum (1 utg.). Harstad. s. 2–60. 
  7. 7,0 7,1 «Telemark bataljons historie». Forsvaret. Henta 3. desember 2014. 
  8. Lervik, Lars (2014), «Kjære veteraner fra Telemark bataljon!», Telemark bataljon veteranforening, arkivert frå originalen 7. desember 2014, henta 3. desember 2014 
  9. Leraand, Dag (28. oktober 2014), «Telemark Bataljon», Store Norske Leksikon, henta 3. desember 2014 
  10. 10,0 10,1 10,2 10,3 10,4 10,5 Leraand, Dag (28. oktober 2014), «Telemark Bataljon», Store Norske Leksikon, henta 3. desember 2014 
  11. 11,0 11,1 Gjestad, Fred C. (25.januar 2010), «Norsk soldat (22) drept i Afghanistan», Aftenposten 
  12. 12,0 12,1 12,2 12,3 12,4 Ege, Rune Thomas m.fl. (27. september 2010), «–Dødninghoder sprayet på afghanske hus», Dagbladet, henta 6. januar 2015 
  13. Verdens Gang, 14. november 2011 s.47
  14. «Soldater har mistet jobben for dårlige holdninger», ABC Nyheter, 28. september 2010 
  15. Erlend, Skevik (25. januar 2010), «Norsk soldat drept av veibombe i Afghanistan», Verdens Gang 
  16. Rasch, Jonas Sverrisson (25. januar 2010), «Claes Joachim Olsson (22) drept av veibombe i Afghanistan», Dagbladet 
  17. Trellevik, Amund (25. januar 2011), «Taliban tar på seg ansvaret for bomben som drepte nordmann», Aftenposten 
  18. 18,0 18,1 18,2 Ege, Rune Thomas m.fl. (27. september 2010), «Avviser nazi-koblinger i Telemark bataljon», Verdens Gang, henta 3. desember 2014 
  19. 19,0 19,1 19,2 19,3 Gilbrant, Jørgen M. m.fl. (28. september 2010), ««Dere er rovdyret. Taliban er byttet. Til Valhall!»», Dagbladet, henta 3. desember 2014 
  20. 20,0 20,1 Ege, Rune Thomas m.fl. (27. september 2010), «–Dødninghoder sprayet på afghanske hus», Dagbladet, henta 3. desember 2014 
  21. Johansen, Marianne (27. september 2010), «- Å krige er bedre enn sex», Verdens Gang, henta 3. desember 2014 
  22. «– Å være i kamp er bedre enn sex», NRK, 27. september 2010, henta 3. desember 2014 
  23. Ulstein, Anders (27. september 2010), «Krig bedre enn sex – Sannhet bedre enn hykleri», document.no, henta 4. desember 2014 
  24. «Opererer i det skjulte». YouTube, user: Forsvarets mediesenter. Henta 4. desember 2014. 
  25. «Se Telemark bataljon ta av». Bergens Tidende. Henta 4. desember 2014. 
  26. 26,0 26,1 26,2 26,3 Baardsen, Øivind (2013), «I vesterled» (PDF), Forsvarets Forum (nr. 12), s. side 41, arkivert frå originalen (PDF) 13. desember 2014, henta 4. desember 2014 
  27. 27,0 27,1 Eikeland, Jon Vaag m.fl. (31. oktober 2013), «Rykkar inn i Hordaland», Forsvaret.no, henta 4. desember 2014 
  28. Olsen, Øyvind Førland (2014), «Fra land til vann» (PDF), Forsvarets Forum (nr. 1/2), s. side 5, arkivert frå originalen (PDF) 13. desember 2014, henta 4. desember 2014 
  29. 29,0 29,1 Bentzrød, Sveinung Berg (17. november 2013), «Nå skal Vestlandet forsvares», Aftenposten, henta 5. desember 2014 
  30. Nørstebø, Christian (2013), ««FI» på tysk jord» (PDF), Forsvarets Forum (nr. 12), s. side 15, arkivert frå originalen (PDF) 13. desember 2014, henta 4. desember 2014 
  31. Hage, Aleksander (1. oktober 2014), «Telemark bataljon i Latvia», Forsvaret, henta 6. desember 2014 
  32. Hage, Aleksander (5. september 2014), «Skal øve i Latvia», Forsvaret, henta 6. desember 2014 
  33. «Norge sender nær 200 soldater til Latvia». ABC Nyheter. Henta 4. desember 2014. 
  34. 34,0 34,1 Egeberg, Kristoffer (29. august 2014), «Sender Telemark-kompani til Latvia», Dagbladet, henta 6. desember 2014 
  35. 35,0 35,1 Ege, Rune Thomas (19. november 2014), «Her sender norske soldater en klar beskjed til Putin», Verdens Gang, henta 6. desember 2014