Telemarkfestivalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Telemarkfestivalen er ein internasjonal folkemusikkfestival som blir arrangert i Bø i Telemark over fire dagar i august. Festivalen vert arrangert for første gong i 1990 og har vore arrangert kvart år sidan. Festivalen har 4000–6500 besøkande kvart år.

Telemarkfestivalen har norsk folkemusikk som basis, men har også innslag av utanlandske artistar i programmet. Festivalen har lagt vekt på å både presentere tradisjonell folkemusikk og kombinasjonar av gamalt og nytt gjennom konsertar, sessions og bestillingsverk. Det er også ei omfattande kursverksemd knytt til festivalen.

Festivalen har eit sekretariat og ein dagleg leiar i 80% stilling. Drifta elles er basert på frivillig arbeid. Sittande styreleiar er Terje Kili.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]