Telemarksfe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Telemarksfe

Telemarksfe er den eldste kurasen i Noreg, stilt ut som eigen rase for fyrste gong i 1856 i Kviteseid i Telemark.

Kyrne er raudsida eller brannete, med lange vidstilte horn, og er basert på det lokale feet i Telemark med innkryssing av ayrshirefe. Rasen er typisk mjølkeku, med levande vekt på om lag 500 kg. Rasen har vore sett på som eit nasjonalsymbol og var lenge den mest utbreidde rasen i Noreg, særleg i fjell- og dalbygder på Austlandet, Voss og indre Hardanger. Rasen fekk eigen avlsorganisasjon frå 1921, og har i dag mellom 200 og 300 avlsdyr.

Mjølkemengda frå telemarksfe ligg på om lag 4500 kg per år. Avlsarbeidet for telemarksfeet på 1800-talet vart leidd av statsagronomen Johan Lindeqvist.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]