Ekte beinfiskar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Teleostar)
Ekte beinfiskar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Infrarekkje: Kjevemunnar Gnathostomata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Strålefinnefiskar Actinopterygii
Klasse: Actinopteri
Underklasse: Neopterygii
Infraklasse: Ekte beinfiskar Teleostei
Müller, 1846

Ekte beinfiskar eller teleostar (Teleostei) er ein infraklasse strålefinnefisk som omfattar 20 000 kjende artar i omkring 40 ordenar. Gruppa er særs mangfaldig, og oppstod i triastida.

Teleostar er, både om ein reknar i tal på artar eller i biomasse, dei mest dominerande virveldyra på kloten.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Teleostar har bevegeleg overkjeve og tilsvarande endringar i kjevemuskulaturen. Desse modifikasjonane gjer det mogleg for fisken å skyva kjevane ut or sjølve munnen.

Halefinnen er homoceral, det vil seie at den øvste og den nedste delen er tilnærma symmetriske til kvarandre. Ryggraden ender ved halerota, og går såleis ikkje vidare opp i halefinnen.

Systematikk[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]