Telephone Line

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Telephone Line
Singel av Electric Light Orchestra
B-side «Poor Boy (The Greenwood)» (US)
«Poor Boy (The Greenwood)» og «King of the Universe» (dobbel B-side berre i UK)
Utgjeve 21. mai 1977 (UK)
Mai 1977 (US)
Innspelt 1976 Musicland Studios, München
Sjanger
Lengd 4:39 (album/UK singel)
3:56 (US singel)
Selskap Jet (UK)
United Artists (US)
Låtskrivar(ar) Jeff Lynne
Produsent Jeff Lynne
Electric Light Orchestra-kronologi
«Do Ya»
(1977)
Telephone Line «Turn to Stone»
(1977)


«Telephone Line» er ein song av Electric Light Orchestra (ELO).[2]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Songen er det andre sporet på albumet A New World Record frå 1976 og var den siste singelen som kom ut frå albumet, fram til september 2006 då «Surrender» vart gjeven ut frå den utvida utgåva av albumet. Han vart den største singelen deira i USA og den første singelen deira som selde til gullplate i Storbritannia. Med den store suksessen ELO hadde hatt i Amerika, nytta Jeff Lynne ein amerikansk ringetone i songen.[3] Låtskrivaren Lynne sa:

« For å få til lyden i starten, den amerikanske telefonlyden, ringde me frå England til Amerika til eit nummer vi visste nokon ville svare på, og berre lytta til det ei lita stund. På Moog-synthesizeren gjenskapte med denne lyden eksakt med å justere oscillatorane til same notar som ringinga på telefonen. »

Songen nådde åttandeplassen på singellista i Storbritannia[4] og sjuandeplassen i USA.[5] Songen låg på Hot 100-lista i USA i 23 veker, nesten ein månad lenger enn nokon annan ELO, song. Billboard rangerte han som den 15. beste songen i 1977.[6] I 1977 nådde songen toppen av singellista i New Zealand og Canada. ELO hadde for vane å gje ut singlane sine i forskjellige fargar, men den amerikanske versjonen kom berre i grøn utgåve.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Jeff Lynne spelte inn songen på ny i 2013 for eit samlealbum med andre nyinnspelte ELO-songar. Albumet vart gjeve ut som eit ELO-album.[7]

«Telephone Line» er kjenningsmelodien til filmen Joyride frå 1977 med Desi Arnaz jr., Robert Carradine, Melanie Griffith og Anne Lockhart, regissert av Joseph Ruben. Songen vart òg nytta i HBO-serien Big Love i sesong to i episoden «Vision Thing».

Songen er blitt spelt inn av det irske bandet Aslan og den franske songaren Claude François.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1977) Plassering Salstrofé
(salsgrense)
Australske Kent Music Report Singles Chart[8] 10
Kanadiske RPM Top Singles[9] 1
Franske SNEP Singles Chart 10
Tuske Media Control [10] 32
New Zealand RIANZ Singles Chart 1
UK Singles Chart[4] 8
US Billboard Hot 100[5] 7 RIAA: Gull
US Cash Box Top 100 Singles 4
US Record World Singles[11] 7
US Radio & Records (R&R)[12][13] 4
US Billboard Year-End 15
American Top 40 Year-End[14] 22

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Breithaupt, Don; Breithaupt, Jeff (2000), Night Moves: Pop Music in the Late '70s, St. Martin's Press, s. 67, ISBN 978-0-312-19821-3 
  2. Dave Thompson 1000 Songs That Rock Your World: From Rock Classics to One-Hit Wonders 2011- Page 212 «Telephone Line BY THE ELECTRIC LIGHT ORCHESTRA Having already serenaded us with the tones of “Ma Ma Belle,” E.L.O. followed up with a reminder of just how lonely the sound of an unanswered telephone could be."
  3. A New World Record, Electric Light Orchestra, 1976 & 2006. CD liner notes.
  4. 4,0 4,1 «Electric Light Orchestra». Offfical Charts Company. Henta 12. februar 2015. 
  5. 5,0 5,1 «Electric Light Orchestra - Awards». AllMusic. Henta 12. februar 2015. 
  6. Billboard Year-End Hot 100 singles of 1977
  7. «Releases : elo - Mr. Blue Sky - The Very Best of Electric Light Orchestra». Elo.biz. 5 October 2012. Henta 13. februar 2015. 
  8. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  9. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 15. februar 2015. 
  10. «charts.de - Electric Light Orchestra». charts.de. Henta 13. februar 2015. 
  11. Hawtin, Steve. «Song artist 171 - Electric Light Orchestra». Tsort.info. Henta 13. februar 2015. 
  12. ELO
  13. Charts!
  14. American Top 40 - «The Top 100 Hits of 1977" (Part 2)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]