Hopp til innhald

Tell Me More av TuralTuranX

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Tell Me More»
Song av TuralTuranX

Land Aserbajdsjan
Språk Engelsk
Utgjeve 5. april 2023
Sjanger Pop, indie
Lengd 02:59
Selskap Beat Music
Låtskrivar(ar) Nihad Aliyev, Tunar Taghiyev, Tural Bağmanov, Turan Bağmanov

«Tell Me More» (norsk omsetjing ‘fortell meg meir’) er ein song frå 2023 med den aserbajdsjanske duoen TuralTuranX, beståande av tvillingane Tural og Turan Bağmanov. Songen blei gjeven ut 13. mars 2023 og var det aserbajdsjanske bidraget i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.

Om songen[endre | endre wikiteksten]

«Tell Me More» er skriven av duoen sjølv, saman med Nihad Aliyev og Tunar Taghiyev.[1] Songen var eit av bidraga som kom inn til İctimai Televiziya (İTV) si opne tevling for å finne det aserbajdsjanske bidraget til Eurovision Song Contest 2023.

I byrjinga av februar 2023 kunngjorde İTV at TuralTuranX var ein av fem attverande finalistar i uttakinga.[2] Den 9. mars same år stadfesta kringkastaren at brørne skulle representere Aserbajdsjan i Eurovision Song Contest 2023. Låten «Tell Me More» blei offentliggjord og gjeven ut fire dagar etter.[3][4]

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

«Tell Me More» var det aserbajdsjanske bidraget i Eurovision Song Contest 2023. Aserbajdsjan blei trekt til å opptre i den fyrste semifinalen i Liverpool Arena tysdag 9. mai 2023. Der enda «Tell Me More» nest sist med berre 4 poeng. Songen kvalifiserte seg dimed ikkje til finalen laurdag 13. mai 2023.[1][5] Dette var andre gongen Aserbajdsjan ikkje gjekk vidare frå semifinalen; fyrste gongen var i 2018.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Azerbaijan: 'Tell Me More' is released by TuralTuranX». eurovision.tv (på engelsk). 13. mars 2023. Henta 23. mars 2023. 
  2. Granger, Anthony (2. februar 2023). «Azerbaijan: Five Acts in Contention for Eurovision 2023 Revealed». Eurovoix (på engelsk). Henta 23. mars 2023. 
  3. «AVROVİZİYA2023 TƏMSİLÇİMİZ TURAL VƏ TURAN OLACAQ». 12xal (på aserbajdsjansk). 9. mars 2023. Henta 23. mars 2023. 
  4. Falk, Simon (13. mars 2023). «TuralTuranXrelease Azerbaijan Eurovision entry "Tell Me More"». wiwibloggs (på engelsk). Henta 23. mars 2023. 
  5. «FirstSemi-Final of Liverpool 2023 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 18. mai 2023.