Hopp til innhald

Teljepinne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tellepinne)
Teljepinne som er kløyvd i to
Teljepinne frå Sayn-Wittgenstein, 1600-talet.
Teljepinne frå dei sveitsiske alpane.

Teljepinne er eit svært gammalt verktøy for rekneskap. Det fanst tre typar teljepinnar, den enkle typen, den doble typen og den mindre brukte tredelte typen.[1]

Andre namn på teljepinne er karvestokk, etter tysk kerbstock, talstokk, talstikke, skorukefli og skorkjevle. På svensk heiter han karvstock og på russisk birka, som også er eit eldgammalt skandinavisk ord, birk, som er blitt brukt om handel i ulike samanhengar. Enkelte trur at birka kan ha vore namnet som blei brukt om teljepinne i handelen mellom samar og birkarlar.[2]

Dei er nytta i store delar av verda, som i Europa, Asia og Afrika. Dei eldste teljepinnane ein har funne er av bein men det mest vanlege var at dei var av tre.

Det finst historiske referansar av Plinius den eldre (23–79 e.Kr.), om det beste treverket å bruka for teljepinnar, og av Marco Polo (1254–1324), som nemner bruken av reiskapen i Kina. Det er også funne svært gamle enkle teljepinnar som Lebombo-beinet, som er datert til å vera mellom 42 000 og 43 000 år gammalt, og Ishango-beinet, som truleg er rundt 20 000 år gammalt.[3]

Den enkle teljepinnen blei nytta av folk som ikkje kunne telja eller for å halda regentskap. Hn var eit langstrekt stykke bein, tre eller stein som var merkt med eit system av hakk som blir kalla teljemerke.[2]

Han blei til dømes nytta til å hugsa, halda rekneskap, over til dømes kor mange dyr ein hadde eller kor mange vendingar ein hadde køyrt. Ein laga eitt hakk for kvart dyr og kunne dermed «telja» om alle dyra var til stades, eller laga eit hakk for kvar vending ein hadde køyrt.[4]

Nokre folkeslag, som inuittane, nytta i staden for ein pinne ei snor eller eit tau der dei knytte eit tal knutar i staden for å skjera teljemerke. Den greske historikaren Herodot (484– 425 f.Kr.) rapporterte om bruken av ei knytt snor i Persia under styret til Darius I, frå 522 til 486 f.Kr. Inkaene brukte også snorer med knutar, quipu, men dette var ikkje berre for teljing men meir som eit språk.[4]

Den doble teljepinnen blei nytta av folk som ikkje kunne skriva. Han blei nytta for å registrera og dokumentera kor mange timar eller dagar nokon hadde arbeidd, gjeld som ein seinare skulle betala for handelsvarer ein hadde fått, når ein tok opp lån og for andre liknande formål. Teljepinnen var todelt eller blei kløyvd etter handelen. Det bleilaget hakk, teljemerke, som svarte til tid, mengd eller betaling over begge delane av teljepinnen. Oftast blei også merket til partane skore inn på teljepinnen. Så tok kvar av partane ein del av teljepinnen. Om den eine parten prøvde å endra verdien av sin halvdel av teljepinnen ved å leggja til fleire hakk, ville fråværet av desse hakka vera tydeleg på teljepinnen til den andre parten.[4]

Teljepinnar blei godtekne som juridisk bevis i mellomalderske domstolar. Døme på dette finn ein frå handelen mellom samar og birkarlar, der det er fleire døme på at teljepinnar er blitt lagde framsom bevis under tvistar og rettssaker.[5]

I den franske lova frå Napoleon si tid, Code Civil, er teljepinnar omtalte i artikkel 1333.[2][6]

Den mest framståande og best dokumenterte bruken av den delte teljepinnen eller «nick-sticken» var då Henrik I introduserte teljepinne-systemet i England rundt år 1100. Dei hadde ulike typar hakk for 1, 20, 100 og 1000 pund. Halvdelen som fall til den eksterne parten blei kalla «stock», gjenparten til skattestyresmaktene vart karakterisert som «counterstock». Teljepinnen registrerte ei betaling av skattar, men byrja snart å sirkulera i ein sekundær handelsmarknad, og blei akseptert som betaling for varer og tenester med rabatt sidan dei seinare kunne presenterast for statskassa som bevis på betalt skatt. Deretter byrja det å bli utskrive teljepinnar på førehand, for å finansiera krig og andre kongelege utgifter, og sirkulerte som «trepengar».[2][4][7][8][9]

Den tredelte teljepinnen blei nytta når det var tre partar involverte. Han er mindre vanleg, men har same prinsipp som den doble typen. Det kunne til dømes vera seljar, transportør og kjøpar som fekk kvar sin del. Transportøren heldt på midtstykket og dei to andre fekk kvart sitt sidestykke.[2]

Bruk av teljepinne i Noreg

[endre | endre wikiteksten]

Bryggen i Bergen er det under utgravingar funne mange trestykke som har med rekneskap av ulike slag å gjera. Desse funna inneheld mange teljepinnar frå åra 1150 til 1350. Ein har også funne teljepinnar i ei rekkje andre utgravingar, og på Kulturhistorisk museum i Oslo finst det fleire eksemplar.[2][10]

Teljepinnar har vore i bruk innan mange ulike formål og yrke. Til dømes har dei vore i bruk ved sagbruk, dei blei brukte under gruvedrift til dømes til å halda rekneskap med kor mange vendingar ein køyrde. Bønder brukte han til å halda rekneskap med kor mykje arbeid arbeidarane utførte. Innan handel blei metoden også nytta, som i handelen mellom samar og birkarlar.[11][12]

  1. «tellepinne - KulturNav». kulturnav.org. Henta 6. januar 2025.
  2. 1 2 3 4 5 6 «Er bytte av trestokker interessant?». www.bt.no (på norsk bokmål). 5. oktober 2002. Henta 6. januar 2025.
  3. «History of pure mathematics». web.archive.org. 21. juli 2008. Arkivert frå originalen 21. juli 2008. Henta 6. januar 2025.
  4. 1 2 3 4 «Tally (The Diary of Samuel Pepys)». The Diary of Samuel Pepys (på engelsk). 14. desember 2009. Henta 6. januar 2025.
  5. Bergman, Ingela; Edlund, Lars-Erik (2. januar 2016). «Birkarlar and Sámi – inter-cultural contacts beyond state control: reconsidering the standing of external tradesmen (birkarlar) in medieval Sámi societies». A Nordic Journal of Circumpolar Societies 33. ISSN 0800-3831. doi:10.1080/08003831.2016.1154676. Henta 6. januar 2025.
  6. «Article 1333 - Code civil - Légifrance». www.legifrance.gouv.fr. Henta 6. januar 2025.
  7. «BBC World Service - 50 Things That Made the Modern Economy, Tally Stick». BBC (på engelsk). Henta 6. januar 2025.
  8. «How swapping gold for wood left England’s citizens short-changed | Buy, Save & Spend Physical Gold». glintpay.com (på engelsk). Henta 6. januar 2025.
  9. «What tally sticks tell us about how money works» (på engelsk). 9. juli 2017.
  10. «tellepinne». digitaltmuseum.no (på norsk bokmål). Henta 6. januar 2025.
  11. «Bergverkshistorie - Bergverk - Historie». www.bergverkshistorie.no. Henta 6. januar 2025.
  12. «Leksikon:Karvestokk – lokalhistoriewiki.no». lokalhistoriewiki.no. Henta 6. januar 2025.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Teljepinne