Tema:Afrika

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

TEMASIDA OM AFRIKA

endre  

Om Afrika


{{{2}}}

Afrika er den nest største verdsdelen, både i folketal og areal, etter Asia. Med ei flatevidd på 30 244 050 km² (inkludert øyane) dekker han 20,3% av alt landarealet på jorda. Dei 800 millionar afrikanarane utgjer om lag sjuandeparten av alle menneske på jorda.

Arkeologisk og genetisk forsking tyder på at menneskja opphavleg kom frå Afrika og utvandra til resten av verda. Det er her ein finn dei eldste busette områda i verda.

I dag er verdsdelen hovudsakleg kjend for krig, svoltkatastrofar, AIDS-epidemi og fattigdom. Dette er eit noko skeivt bilde, ettersom me sjeldan høyrer om dei afrikanske landa der det går bra. Likevel er det slik at sidan Afrika blei kolonisert har verdsdelen strevd med å koma seg på beina. Les meir...

endre  

Utvald artikkel


{{{2}}}

Ekteskapet er ein svært viktig del av swahilikulturen. Det regulerer samliv, seksualitet og status, og blir sett på som ein obligatorisk del av livet åt ein swahili. Som i andre kulturar er tradisjonane under utvikling og det er ikkje alt som er slik det var før. Det er også stor variasjon mellom ulike delar av den swahiliske kulturen. All swahilisk ekteskapstradisjon har likevel det islamske grunnlaget til felles. Sharialovene og Koranen med Muhammed som førebilete gjev spesifikke peikepinnar for korleis ein muslim skal leva, også når det gjeld ekteskapet.

Det er ikkje før ein har gifta seg at ein går over til å bli ein skikkeleg vaksen mann eller kvinne. Giftemålet kan seiast å vera den siste overgangsriten for å bli vaksen, sjølv om ein også i ettertid må vise at ein er fruktbar og får born. Les meir...

endre  

Kategoriar

endre  

Emne om Afrika

endre  

Utvald bilete...


Bilde frå Libya som viser ørkenen Sahara.

endre  

Land i Afrika

endre  

På Wikimedia


Afrika på  Wikinytt  Afrika på  Wikifrasar  Afrika på  Wikibøker  Afrika på  Wikisource  Afrika på  Wiktionary  Afrika på  Wikiversity  Afrika på Wikimedia Commons
Frie nyhende Frie sitat Frie bøker og manualar Frie kjeldetekstar Ordbok og synonymordbok Frie læremiddel Felles medialager
endre  

Hovudtema på Nynorsk Wikipedia